Opninga i dag var høgtidelig v/einingsleiar, dei hadde pynta med ballongar og VM-effektar og hadde punsj til både pasientar og tilsette.

- Kvart år vert det arrangert sykkel VM for eldre over heile verda, der ein kan delta og vinna heider og æra, men mest av alt få delta i fellesskapet kring ein positiv og kjekk aktivitet. Det er dokumenteret at sykkeltreninga gir ein positiv helsegevinst og treningseffekt. Det å delta i konkurransen kan gje oss ekstra motivasjon, seier einingsleiar Kristin Steinsland.

Dei gledar seg til å sykla mange kilometer dei neste vekene. Og det viktigaste er å delta med så mykje ein klarer anten det er 500 meter eller 5 kilometer.

Sjå statsministeren ønskje lykke til:

 

Statsminister Erna Solberg (N) from Motitech AS on Vimeo.