I tilsynsrapporten viser Fylkesmannen i Hordaland til tidlegare korrespondanse i tilsynssak med bakgrunn i den tragiske hendinga i kommunen, der eit barn på tre år blei drepen i fosterheim i oktober i fjor.

Fylkesmannen har undersøkt nærare kva for tilbod 13-åringen som utførte handlinga fekk av kommunen, både frå helsetenesta, skulen og pedagogisk psykologisk teneste.

- Fylkesmannen i Hordaland har kome til at 13-åringen ikkje presenterte symptom eller teikn som kravde ny utgreiing og behandling før den aktuelle, tragiske hendinga. Dei kommunale helse- og skuletenestene og PPT har alle utført sine oppgåver i samsvar med dei krava som gjeld i lovgivinga på dei ulike områda, står det å lesa i tilsynsrapporten.