Dei vil verta samla i ei ny stor eining som skal ligge under rådmannen.

- Koalisjonen er samde i å gi rådmannen dette oppdraget med sikte på å setja iverk endringa så raskt som mogleg, seier ordførar Harry Herstad (Ap).

Vil byggja opp ressursane

Ordføraren meiner dei siste åra har vert ein nedbygging av ressursane til administrasjonen i kommunen, og at ei reversering av føretaksmodellen vil snu dette.

- Nye og uheldige organisasjonsmodellar har ridd norsk kommunalforvaltning som ein mare dei siste 10 åra. Føretaksmodellen, privatisering og konkurranseutsetting har demontert offentleg sektor og gjort viktige politiske styringsorgan uoversiktlege, seier Herstad som også ser reformen i lys av den føreståande kommunesamanslåinga.

- Det er for meg eit paradoks at ein først splittar opp ein godt fungerande kommunalforvaltning for deretter å slå saman «offentlege sveitseroster» til meir robuste storkommuner. Ved å avvikle føretaka vil me betre både kapasiteten og kvaliteten på tekniske tenester og planlegging i kommunen.

Eining for bydrift og utvikling

Saka vert endeleg handsama i Kommunestyret før jul. Dersom den vert vedteke betyr det at rådmannen no vil få fullmakt til å organisera dei tekniske tenestene i kommunen som skissert i kommunestyresaka som var oppe til handsaming og nedstemt tidlegare i år (sak PS 2/15), i ei ny «Eining for bydrift og utvikling». Det politiske ansvaret for eininga vil bli lagt til Komité for næring, miljø og kultur.

Styrka handlekraft

Ordføraren trur endringa vil føra til at endringa vil føra til at ein får eit meir robust fagmiljø som vil styrka handlekrafta til kommunen.

- Dette betyr ikkje at det er utført dårleg arbeid i føretaka, men føretaksmodellen har svekka kommunen si evne som samfunnsaktør, seier Herstad.

- Eg reknar med at rådmannen legg opp til gode interne prosessar for medverknad for dei tilsette.

Ifølgje vedtaket i formannskapet vil ikkje avviklinga av føretaksmodellen føra til nokre endringar i drifts- og investeringsbudsjetta som allereie ligg inne for føretaka i dag.