Målet med prosjektet var å tilføra ekstra ressursar og gje ungdomane ei oppleving av at helse og omsorg er eit godt arbeid og ein god utdanningsveg, og at dei unge skal føla trivsel i arbeidet. Dette er også eit ledd i rekruttering.

Tilbakemeldingar frå pasientar, pårørande, tilsette og dei unge sjølv har vore svært positive. Det er Driftsutvalet som vel kven som skal vinna prisen og i deira vurdering var at:

  • tiltaket er nytt i Stord kommune
  • tilbakemeldingane er eintydig positive og peikar på at pasientane hadde nokon saman med seg oftare
  • dei unge hjalp dei tilsette i det daglege og det skapte ro
  • dei pårørande la merke til at det alltid var nokon saman med pasientane
  • prosjektet har bidratt til å auka kvaliteten og effektiviteten på begge institusjonane

Einingsleiar for Stord sjukeheim, Esther Aasen Bjelland, og avdelingsleiar på Knutsaåsen omsorgssenter, Lidveig Stubhaug, mottok prisen i kommunestyret i dag og yttrar at dei ønskjer å vidareføra tilsvarande ordninga til neste år.

-  Tusen takk for prisen! Me er kjempenøgd med prosjektet, og me har eigentleg snakka om det i mange år men i år blei det noko av. Me kjem garantert med å fortsetja med det, og me har faktisk rekruttert nokre nye inn i yrket, sa Bjelland.