Stord kommune og Stord Lensmannskontor har gått inn i eit samarbeid kalt ”Ungdom og rus i Stord kommune”. Dette er eit prosjekt som har som mål å oppdaga  og hindra bruk av illegale rusmiddel blant ungdommen på Stord.

Eit av tiltaka i dette prosjektet er bruk av ”Ungdomskontraktar”. Dette er ei avtale mellom ein ung lovbrytar (med samtykke av føresatt) - politiet og kommunale myndigheiter. I kontrakten forpliktar ungdomen seg til å gjennomføra spesifiserte aktivitetar mot at rettsmyndigheitene  avstår frå ytterligare rettsforfølging. (Påtaleunnlating).

Kontrakten skal innehalde tiltak som bidreg til å endra  åtferd og støttar ungdomen til å koma inn i eit positivt livsløp. Ungdom som går inn på ei ungdomskontrakt får ei påtaleunnlating på gitte vilkår. Desse vilkåra kan vera t.d. at ein skal halda fram med utdanning, få seg arbeid og stå i arbeid, ta del i fritidsaktivitetar eller ta del i rusavvenningsprogram.

I prosjektet på Stord vil me ha særleg fokus på rusavvenning og urinprøvetaking vil vera eit viktig verkemiddel for å avdekkja bruk av illegale rusmiddel. Samarbeidet på dette feltet impliserar politi, SLT- koordinator, Ruskoordinator NAV, og MARIS  Stord.

Vilkår for deltaking på tiltaket ”Ungdomskontrakt i Stord ” er fylgjande:

  • Bur i Stord kommune
  • Er under 18 år
  • Bruk av narkotika er oppdaga kort tid etter debut
  • Der er fyrste gang vedkomande er meld for bruk av narkotika
  • Godtek vilkår om å vera fri for rus 2 år og å dokumentera dette ved å foreta urinprøvetaking i 1 år.

For fleire opplysningar  om tiltaket ”Ungdomskontrakt i Stord” kontakt Stord lensmannskontor tlf. 53402800 eller SLT- koordinator i Stord kommune Terje Eriksen på  tlf .97552126