En stor takk er ein aktivitet i regi av KLP der målet er å løfta fram menneske som gjer ein ekstra innsats for å ta vare på andre i jobben sin. Dei kårer totalt seks vinnarar og tre er valt i den første runden og Knut J. Gram er ein av desse. Det var 1500 stk som var nominert frå heile landet.

I dag vart han overraska og fekk eit gåvekort på kr 10 000 på Håheim Gård. Det var Astrid Larsen som nominerte han.

- Det kom litt brått på men det er veldig kjekt å høyra gode ord frå mange årige samarbeidsplartnar Astrid. Da å vera leiar handlar nesten berre om å tilsetja gode medarbeidarar.Viss ein greier det, er oppgåva å vera leiar lett, seier ein audmjuk kommunalsjef Knut J. Gram.

Her er Astrid Larsen sin nominasjonstekst

Knut er sjefen min, og har vert det lenge. Han er kommunalsjef i Stord kommune, og har og har alltid hatt travle dagar - og no meir enn før. Ein kommune er kanskje den mest kompliserte organisasjon ein kan tenka seg, med lovkrav og krav frå innbyggjarar, politikarar og tilsette - med avisoverskrifter for alt som ikkje går bra og lite ros for det som går bra. Til tross for travle dagar har Knut ei evne til å vera tilstades i augneblikket, han ser folk og får folk til å føla seg verdsett og inkludert. Etter eit langt yrkesliv i Stord kommune har eg hatt mange diskusjonar og vert mykje uenig med Knut, men har likevel gått ut dørane frå kontoret hans og følt meg vel. Tenker at sjefer med stort ansvar og stort arbeidspress ikkje får den rosen dei fortener for godt leiarskap. Fordi Knut Johannes Gram er ein av desse gode og flinke sjefane som alle under han i systemet set stor pris på er han ein som fortener ein stor takk. 

Litt om jurien sin uttale om Knut

"Knut er en sterk kandidat til "En stor takk". Juryen skjønte umiddelbart at vi her snakket om en person med et stor ansvar og en krevende jobb, men som allikevel tar seg tid til å lytte til, og ta vare på, menneskene rundt seg, samtidig som han forvalter sitt ansvar på en meget god måte. Han beskrives som en person som får folk til å føle seg verdsatt og inkludert. Fra samtaler med Astrid, som nominerte Knut, har vi skjønt at dette er en person som fortjener et ekstra stort klapp på skulderen – for at han er den han er, og tar det ansvaret han gjør – og ikke minst forstår vi at veldig mange av hans medarbeidere er helt enige i at dette er veldig velfortjent". 

Neste runde med "En stor takk" går i gang 27. oktober, med frist 10. november. Har du nokon du vil nominera kan du gjere det her: https://www.klp.no/person/medlemsfordeler/en-stor-takk

Bilete: Astrid Larsen, Knut J. Gram og Nils Fredrik Wisløff-Hagestøl frå KLP.