For å gi enkel og effektiv kompetanseheving tek Stord kommune i bruk virtuell verkelegheit (VR) til opplæring for tilsette innan rehabilitering, helse og omsorg (RHO).

Trygg-Grunn som Stord kommune kjøper VR-brillene av, filmar i desse dagar brannopplæring på Stord sjukeheim, og i ein kommunal bustad. Dei nyttar eit 360 graders kamera for å laga videoane.  I den virtuelle opplæringa vil tilsette få opplæring, kurs og senario i lovpålagt utdanning rundt førstehjelp, konflikthandtering, vald, truslar, og brann. Trygg-Grunn har allereie mange kurs, prosedyrar og senario i opplæringsbasen, i tillegg til dei nye dei lagar hjå oss. 

Dette blir veldig bra. Ein stor grunn at me gjer dette, er at det er vanskeleg å samla alle tilsette innan helse, på grunn av turnusarbeid. No kan dei tilsette ta opplæring når det passar, og kor mange gonger dei vil, seier prosjektleiar Hilde Susann Hystad Aadland.

Stord kommune har kjøpt 20 BRAK VR-briller, som skal fordelast på RHO-einingane. 

Me er veldig opptatt av å gje ei pedagogisk opplæring, i tillegg held me opplæringsvideoane oppdaterte med tanke på lovverk. Mange har motvilje mot ny teknologi og denne terskelen prøver me å fjerna ved å gi enkel og lett handterlig, og tilgjengeleg opplæring, seier Geir Magne Nes frå Trygg-Grunn. 

 

Tilsett er statist i opplæringsvideo

Avdelingssjukepleiar Britt Nelly Hystad Barane var med som statist då Trygg-Grunn filma evakueringssenario på Stord sjukeheim i dag.

Dette var veldig spanande å vera med på. Eg trur dette vert veldig lærerikt og nyttig når det kjem til brannøving og moglegheit for hyppigare repetisjonar enn før, seier Barane. 

 

Innspel frå tilsette  

Det er tilsette som har spelt inn ideen om virtuell opplæring. Dei hadde prøvd ut og høyrt mykje bra frå andre om denne typen opplæring. Leiinga tente på ideen, og det vart oppretta prosjektgruppe. Prosjektgruppa har brukt mykje tid på å testa ut, og velga ut rett type VR-briller. Ved å ta på seg VR-brille går ein inn i ein verden der ein er i senarioet. Dette er ein effektiv og fokusert måte å ta inn opplæring på, utan forstyrringar. Videoane varer 2-3 minutt kvar. 

No må me laga ein god plan for opplæring. Me ønskjer at tilsette skal reflektera over opplæringa, så ved skremmande senarioer, som ulykker, skadde eller hissige folk m.v., kan det også vera nyttig at fleire tek opplæringa nokolunde samtidig for at dei skal reflektera saman, seier Aadland.

 

Skremmande senoarioar

Ein av opplæringsvideoane gir trening på situasjonar ein kan oppfatta som farleg eller stressande. 

Ein liten stressreaksjon gjer at dei delane i hjernen du har tilgang på når du er redd, blir stimulert og fylt opp med informasjon. Dette er ein kunstig måte å få erfaring på. Virtuell opplæring kan gi ein betre effekt på hukommelsen enn ved å nytta elæring eller bok. VR-brillene er lett handterleg og brukarvenlege. Når ein tar på seg VR-brilla nyttar ein synet for visa kva ein vel i menyen, og trykker så på ein knapp utanpå VR-brilla. I opplæringsbasen er det senario, kurs og prosedyrar, og ein kan gå mellom menyane når ein vil, informerer Nes.

VR-brilla er ikkje på internett og krev ikkje innlogging frå brukar. 

Virtuell opplæring har potensiale i fleire fagområde, då ein kan skreddarsy senario for spesifikke yrke og behov.