Vitjinga er i samband med eit partnarmøte i det internasjonale kommuneprosjektet MIC (Municipal International Cooperation) finansiert av Norad og administrert av KS.

Stord og Comalapa er no inne i det siste året av den andre treårs bolken saman med fem andre norske og guatemalanske kommunar. Føremålet med prosjektet er å auka kunnskap om miljøspørsmål og bosshandsaming – og å auka deltaking av kvinner i fora der avgjersler vert tekne.

Dei som kjem er ordførar Valeriano Pichiyá, varaordførar José León Chalí, rådmann José Brigido Tomás, einaste kvinne i kommunestyret Zonia Roquel, ei av leiarane av kvinnekontoret Angela Mich.

På programmet står mellom anna eit møte i Rådhuset tysdag 14. mai med politikarar og administrasjon i Stord kommune der representantane frå Comalapa vil fortelja om kva som er oppnådd i prosjektet. På dette møtet vil også Guatemala sin ambassadør Marta Eulalia Estrada vera til stades og fortelja om situasjonen i Guatemala.

Gjestene skal sjølsagt vera med på 17. mai feiringa på Stord og gå i borgartoget.

Tysdag 21. mai vert det ope møte i kulturhuset om ettermiddagen i samarbeid med Venskap Stord-Comalapa. Vonar alle som har lyst og høve kjem til kulturhuset denne dagen.

– Me vonar stordabuen tek vel i mot venene frå Comalapa og nytter høvet til å bli meir kjent med den fargerike venskapskommunen vår i høglandet i Guatemala der dei fleste innbyggareane er mayaindianerar, seier ordførar Liv Kari Eskeland.