Fossdal er busett på Stord men er frå Samnanger. Ho er utdanna sjukepleiar og har jobba på Stord sjukehus i 25 år. Her har ho jobba som sjukepleiar, i HR avdeling, og leiar for Kirurgisk seksjon frå 2011. Frå 2019 har ho jobba som verksemdsleiar for tenestekontoret i Bømlo kommune. Ho ser no fram til nye utfordringar og gledar seg.

Eg er audmjuk og er samtidig spent. Eg gledar meg til å bli kjent med ein ny organisasjon med mange dyktige medarbeidarar. 

Fossdal blir ein del av rådmannen si leiargruppe Hovudoppgåvene hennar vert fagleg og administrativt ansvar for tenesteområdet rehabilitering, helse og omsorg, saksførebuing og oppfølging av politiske vedtak, digitalisering og vidare utvikling av tenesteområdet.

Det vil bli nye oppgåver og store utfordringar, men eg håpar og trur at breidden og erfaringa mi skal vera til god nytte og hjelp, og ikkje minst emna mi til å samhandla med folk. Eg er motivert og klar og skal gjera mitt aller besta. 

 

Fossdal vil tiltre stillinga omlag 1. juni 2022.

Me ønskjer ho velkomen til oss!