Desse har det overordna administrative leiaransvaret i Stord kommune.

Leiargruppa/strategisk leiing arbeider som eit arbeidslag (team), men med ei klar arbeidsdeling. Kvar einingsleiar i kommunen rapporterer til ein medlem i leiargruppa. Sentrale oppgåver for Rådmannen si leiargruppe/'rådmannsoppgåver' er, jf. kommunestyresak 22/07:

  • Overordna leiing av administrasjon og tenesteproduksjon
  • Førebuing til- og gjennomføring av politiske vedtak
  • Planlegging og utvikling
  • Verksemdstyring, økonomistyring og resultatorientering
  • Leiarutvikling, arbeidsgjevarpolitikk og organisasjonsutvikling
  • Kommunal beredskap
  • Informasjon og kommunikasjon

Ambisjonen er å organisera den sentrale leiinga slik at ein på best måte kan takla dei oppgåvene som skal løysast. Det være seg å sikra gode tenester, god og effektiv drift, gode system for styring og rapportering og god samhandling med politisk nivå. Det er og avgjerande at strategisk leiing har tid og ressursar til å driva nettopp strategisk arbeid, knytt til både organisasjons- og samfunnsutvikling.

Følgjande målsettingar låg til grunn for dei endringane som vart gjennomført i 2010:

  • Betre styring
  • Betre samhandling
  • Betre ressursbruk
  • Betre informasjonsflyt

Fordeling av einingar, ansvarsområde m.m.

Kommunalsjefane har i fått fordelt einingane seg imellom slik at den speglar den politiske arbeidsdelinga mellom dei politiske komiteane; kommunalsjef rehabilitering, helse og omsorg (RHO), kommunalsjef oppvekst og utdanning (OUT) og kommunalsjef næring, miljø og kultur (NMK).

Arbeidsdelinga i Rådmannen si leiargruppe er for tida slik det går fram her:

Organisasjonskart-ny