Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Freda bygningar og anlegg - tilskot

Dersom Riksantikvaren har freda ein bygning som du eig, kan du få tilskot til å dekkje nokre av kostnadene for vedlikehald.

Tenesteomtale

Du kan søkje om tilskott dersom det oppstår meirkostnader i samband med vedlikehald av freda bygning på grunn av krav til materialtype og framgangsmåte i fredingsvedtaket.

Riksantikvaren kan frede bygningar og anlegg frå nyare tid som har kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi. Dette tyder at ein ikkje kan gjere inngrep eller endringar i bygningen eller anlegget. Normalt vedlikehald som å måle bygningen, kan du gjere, men du kan ikkje gjere endringar som å rive, flytte, byggje på eller endre materialar eller fargar.

Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.

Kriterium/vilkår

Det vil bli gjort ein fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og kva tiltaket vil ha å seie i samband med målet med tilskottsordninga. Er du eigar og får dispensasjon frå vedtak om freding som samtidig set vilkår som gjer arbeidet dyrare, skal du ha heilt eller delvis vederlag for denne utgiftsauken. Elles blir dette prioritert:

  • tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
  • mellombels sikring av freda bygg og anlegg som er i forfall
  • tiltak som sikrar bygg og anlegg som det er få av

Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som skal sendast dit.

Lover

Sjå spesielt kulturminnelova § 17.

Forvaltningsloven
Kulturminneloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan nytta digitale søknadsskjema som lenka over.

Ta kontakt med kulturrådgjevar i Stord kommune dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga eller om kor du skal sende søknaden. Du kan óg kontakta fylkeskommunen eller Riksantikvaren.

Vedlegg

Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.

Saksbehandling

Du får skriftleg melding om vedtaket.

Saksbehandlingstid

Saka vil bli handsama så fort som mogleg.

Tenesta oppdatert: 11.08.2020 11:42