I barnehagen treng alle barn kjenne seg trygge i kvardagen sin. Utan tryggleik, klarar ikkje barn å leike, lære og utvikle seg. Vår jobb er å legge til rette for eit trygt og godt leikemiljø for alle barn i barnehagen.

Leikemiljø og gode møteplassar

Barn har ulike ynskjer og behov, på same måte som oss vaksne. I barnehagen er det vår jobb å legge til rette for leikemiljø og gode møteplassar som gjev alle barna moglegheit til å utfalda seg i leik og læring. Nokre barn treng store flater, andre barn treng mindre flater og gjerne moglegheit til å observere leiken litt på avstand i byrjnga.

Etter kvart som barnegrupper vert trygge og utviklar seg, blir det behov for endringar i leikemiljøa. Det må tilpassast barnegruppa sine interesser og behov. Nok tilgang til materiale som gjev rom for at fleire barn kan leike saman eller parallelt, er viktig.

Val av materiale kan ha stor tyding; både mengd, funksjon, fleksibilitet. Det å ha høve til å finna fram nye element, kombinere og manipulere leiken spelar inn for utvikling vidare. Det kan òg vere behov for høve til å flytte materiale frå eit leikemiljø til eit anna. Materiale utan bestemt funksjon, skapar undring og stimulerer fantasi og bør vere lett tilgjengeleg i alle leikemiljø. Ved å legge til rette på denne måten, kan barna sitt behov her-og-no bli dekka. Dorullkjerne kan brått bli den kikkerten nokon trengte, pinnen blir kanskje slangen som mangla som krypdyr.

For å legge til rette ulike møteplassar, kan det gjerne nyttast eit teppe, eit bord, kubar i rommet eller ein temakrok. Interesser blant barn i ei barnegruppe er ofte delte, noko som fordrar tilgang til ulike soner der dei enkelte sine interesser kan møtast.