Foreldreråd og Samarbeidsutval

Foreldreråd

Foreldrerådet er foreldre / føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet er arena for foreldra til å ta opp og diskutere kring saker dei ønskjer å løfte opp til leiinga i barnehagen. Det er og arena til å diskutere utspel og forslag frå barnehagen som vedgår endringar og større avgjersler i høve alle barna i barnehagen. Foreldrerådet vel to representantar som skal sitje i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Representantane skal fremje foreldre/føresette sine interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø.

Samarbeidsutval

Samarbeidutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet er sette saman av foreldre /føresette og ansatte i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Styrar deltek på møte som informant og referent.

Foreldrerepresentant i suMalin H T Isaksen93685855malin_tans@hotmail.com
Foreldrerepresentant i su Signe Veivåg48126157signe_vei@hotmail.com 
Foreldrerepresentant vara Hanne Kjærland Lønning97626626hanne_kl@hotmail.com 
Foreldrerepresentant vara Ingvild Kristiansen41426582ingvild_kristiansen@hotmail.com 
Repr. eigarJane Jünger41255893janebanan@gmail.com 
Vara repr. eigarSolveig Hetleflåt48145829solveighetleflaat@gmail.com 
TilsettrepresentantMari J Alfarnes99295400mari.johansen.alfarnes@stord.kommune.no 
TilsettrepresentantKjersti Aasheim99884520kjersti.aasheim@stord.kommune.no 
Møteleiar, referentHildebjørg Røssberg97552185hiro@stord.kommune.no 
    

Representantane er valt for eit år om gangen.

Dagsrytmen

Ein dag i barnehagen bygger på denne strukturen:

  • Barnehagen opnar klokka 6.30. Fram til klokka er ca 8.00, møtast me og leikar på avdeling Marihøno og Haugen (sjå under)
  • Frukost avviklast, stort sett på avdelingane, klokka 8.30-9.00. Barn som kjem etter det, må ha ete heime
  • I tidsrommet 9.30-14.30, er det kjernetid. Barna er då hovudsakleg på avdelingane sine og det finn stad leik, aktivitet og tur
  • Lunsj avviklast på avdelingane ca kl.11.30 (tilpassast for dei yngste)
  • Klokka 14.00 avviklast det eit mellommåltid der det blir servert frukt, grønsaker og knekkebrød 
  • Barnehagen stengjer klokka 16.15. På siste del av dagen, kan det vere at barna går på tvers av avdelingar, inne og ute, for å vere saman med vener dei har på tvers

Ny i barnehagen

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet får ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen legg tilrette for ein tett og god dialog med foreldra slik at oppstarten vert best mogleg.

Slik gjer me det:

  • Foreldremøte for nye avviklast i juni
  • Før oppstart, får alle barna saman med sine foreldre/føresette tilbod om å koma på besøk til barnehagen i lutten av juni, og gjerne i byrjinga av august. De møter her andre nye barn og føresette, tilsette og får ta del i aktivitet
  • Velkomstbrev med tid for oppstart, kva for avdeling og kven av dei vaksne som skal vere tett på, sendast ut siste veke i juli. Her finn de og tidsunkt for oppstartssamtale. Pedagogisk leiar tek kontakt for avtale om datoar og tidspunkt
  • Me legg alltid opp til at foreldre skal vere med dei tre første dagane i barnehagen, for å gje ein trygg og god overgang. Desse dagane legg me opp til ortare opphaldstid. Vidare avtalar me med kvar familie om korleis me skal gjere det vidare, med utgangspunkt i banret sitt beste. Å bruka god tid på tilvenning, kan gje færre utfordringar kring atskilling etter kvart. Me anbefalar, at dei første dagane ikkje vert for lange for barnet.

 

Samarbeid med Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter

Barnehagen har grupper som jamleg besøkjer Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter. Målet er å legge til rette for gode, aktive møter der samhandling gjennom felles aktivitet og dialog skal bidra til auka livskvalitet på tvers av generasjonar. 

Barnehagen vann i 2019, saman med Stord sjukeheim og Knuttsaåsen omsorgssenter, innovasjonsprisen i Stord kommune for samarbeidet.

Miljøfyrtårn

Barnehagen er sertifisert som Miljøfyrtårn.

Les meir om her 

Logo Miljøfyrtårn