Saman skaper me trygge barn.

For at barnet skal trivast i barnehagen er det viktig med eit godt samarbeid og god kommunikasjon mellom heimen og oss. Undervegs eller kort tid etter oppstart får foreldra tilbod om ein samtale kor me snakkar om tilvenningstida, barnet sine rutinar i heimen, og kva som er viktig for at barnet skal trivast i barnehagen.

Småbarnsavdelinga er første møte med barnehagen for dei fleste barn. Noko av det viktigaste i arbeidet på småbarnsavdelinga er at barna føler tryggleik og omsorg. Det er også viktig å få erfaringar og lære det å vere ein del av ei gruppe. 

Dei tilsette er tett på barna gjennom heile dagen. Dei er på golvet med i leiken, tett på sida ved bordet under måltida og det er alltid eit ledig fang og ei hand og halde i. Dagane på Maurtua er prega av rutinar og ein faste dagsrytme. Trygge, faste og gode rutinar skapar forutsigbarhet og trygge rammer for barna, så det er noko me legg stor vekt på.

Personalet på Maurtua:

  • Reidun S.Saue - pedagogisk leiar
  • Marte V. Henriksrud - pedagogisk leiar
  • Marcelo Sobarzo- assistent
  • Rita Helland- fagarbeidar
  • Lea Standal- fagrbeidar