Stord kommune lagar mange planar kvart år og har brukt ulike leverandørar for å laga desse. I 2017 kjøpte kommunen det nettbasert verktøyet, Framsikt, for å laga planar sjølv. Framsikt er eit verktøy for kommunal verksemdstyring, budsjettering og økonomiplanlegging. 

Leverandøren av Framsikt, Framsikt AS, har gitt pris for beste illustrerte økonomiplan og her kom Stord kommune på delt andre plass saman med Bergen kommune. Hurum kommune vann prisen. Denne prisen omfattar bruk av bilete i økonomiplanen sine tenesteområder og juryen la følgjande kriterier til grunn:

Illustrasjon heng saman med tematikk
Godt biletutsnitt
Biletkvalitet
Totalinntrykk
Illustrasjonar med tilhørigheit til kommunen

Grunngjeving: dei nominerte kommunane har sørga for å oppfylla desse kriteriane i stor grad, og har vist kreativitet og engasjement. Det har vert eit tett løp mellom dei nominerte for denne prisen, og for å kåra ein vinnar har totalinntrykk og tilhørigheit til kommunen blitt særleg vektlagt.

Det vart og delt ut pris for beste framside, beste film og beste økonomiplan. Her var ikkje Stord kommune nominert. 

Det første kommunen laga i Framsikt var årsmelding for 2017. No er det altså også laga budsett og økonomiplan i same verktøy. Her kan du sjå økonomi og budsjettplanane for Stord kommune.