66 tilsette:
1 rektor
1 assisterande rektor/ avdelingsleiar 5.-7. trinn
1 avdelingsleiar 1. - 4. trinn
1 avdelingsleiar SFO
36 lærarar 
23 assistentar, fagarbeidarar og tilsette i SFO 
1 lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
1 helsesjukepleiar
1 kontormedarbeidar

Historikk

1. byggesteg 1971, bygd etter ”ope landskap”-prinsippet. Skulen har behalde den opne strukturen med fleire fellesareal med amfi, eller ”dump”, men har også klasserom.

1971: I november er det 38 år sidan første byggjesteg ved Hystad skule vart teken i bruk. 11. november 1971 flytta 2 førsteklassar og 2 andreklassar inn i Landskap I. Desse elevane hadde starta skuleåret sitt på Ormaberget på Rommetveit.
1973: Elevtalet var sterkt aukande den gongen, og dette året fekk me ei Moelvenbrakke til klasserom. Den er ein del av klasseromma i Paviljongen og har også delvis vore nytta som base for ei SFO-avdeling.
1974/1975: Skulen var heilt sprengd: Undervisninga gjekk heil fram til kl. 15.45. Nokre klassetrinn starta undervisninga kl. 13.05 om dagen, og det var også undervisning på laurdagar. I Landskap I, eit areal på om lag 200m, var det 5 ½ klasse inne samstundes, og klassane var svært store: 25-28 elevar i kvar.
1975: Byggjesteg II: Landskap II og administrasjonsavdelinga vart teken i bruk denne hausten. Dette var ei stor lette, for me kunne då sleppa alle løysingane av mellombels karakter. Særleg glade var me for å kunna ta i bruk gymnastikksalen ved juletider same året, for kroppsøving hadde me hatt ute, i det eine tilfluktsrommet, i idrettshallen og på Langeland skule!
Symjeundervisninga hadde me i Idrettshallen på Vikahaugane. Me måtte springa frå Hystad skule, gjennom skogen ned til ”Combibutikken” ved sjukehuset for å ta buss til symjinga. Ved retur til skulen, var det ny springmarsj opp til skulen!
Mykje fysisk aktivitet, altså. Og alle var i veldig god form.
1978: Byggjesteg III: Paviljongen stod ferdig om hausten, og Moelvenbrakka vart innlemma i dette bygget. Det skulle vera ei mellombels løysing, men har vore permanent. Vart riven juli 2015!
1979: Huset i skogen. Nok eit tilbygg for å letta trykket på det store elevtalet.
1993: Ny formingsavdeling under gymnastikksalen.
1994: Ombygging: Nytt arbeidsrom for lærarane.
1997: Valdaihuset, klasserom og fellesareal for 6.åringane ( 1.klasse/førskulen) og 2. klasse.
2007: Nybygg – Undervisningsareal for inntil 65 elevar.
2016: Hystadhuset - 4 klasserom, fellestorg.

Valdaihuset

Sidan huset ligg på Valdai ved Valdaivegen, fann me det naturleg å kalla bygget for Valdaihuset. Mange har lurt på kor dette namnet har opphavet sitt, og etter ein del undersøkingar, har me fått følgjande forklaring frå museumskonservator Tore Lande Moe ved Sunnhordland Folkemuseum:
Valdai stammar frå dei russiske Valdajhøgdene – eit høgdedrag som dannar vasskiljet mellom Vest-Dvina, Volga og Ilmenbekkenet om lag midt mellom St. Petersburg og Moskva. Under Krimkrigen ( 1853 – 65 ) skal det her har gått føre seg ein del trefningar / kampar mellom ulike folkegrupper.

Prestevegen på Stord hadde også eit høgdedrag – eit ope lyngterreng like ved den tette granskogen ved Hystad skule. I den tida då det vart utdanna lærarar ved ” Seminariet” på Rommetveit, skal det ha kome til trefningar mellom stordabuar og ”seminaristar” oppe i dette lyngområdet. Om desse ”kampane” har vore av romantisk eller krigers art, skal vera noko uklart. Men sidan trefningane gjekk føre seg på eit høgdedrag, vart dette på folkemunne kalla Valdai, jfr. Krimkrigen. Sidan har namnet levd vidare og etter kvart blitt eit slags munnleg kulturminne.

Når det nye bygget vart plassert midt i dette området ved Valdaivegen, kunne me ikkje finna eit meir passande namn, syntest me.
Me får tru at ”kampane” er ferdig utkjempa, og at den flotte naturen som ligg rundt Valdaihuset blir brukt til leik og andre utviklande aktivitetar.

Elevtalsutvikling

Skulen var planlagd og vart bygd for 12 klassar, men frå 1971 til 1980 auka klassetalet frå 4 til 18 klassar. I 1993 var me nede i 12 klassar, og sidan har elev- og klassetalet auka. Den store toppen var skuleåret 2005-2006 med 454 elevar på det meste. Elevtalet har gått både opp og ned, og no har det stabilisert seg på rundt 300 elevar.

 

SkuleårElevtalSkuleårElevtalSkuleår ElevtalSkuleår  Elevtal
--1980-19814361990-19912632000-2001362
1971-1972 751981-19824311991-19923282001-2002385
1972-19731031982-19834041992-19932532002-2003396
1973-19741761983-19844241993-19942412003-2004410
1974-19752331984-19854181994-19952942004-2005400
1975-19762821985-19863711995-19963052005-2006454
1976-19773131986-19873511996-19972652006-2007394
1977-19784091987-19883161997-19983282007-2008389
1978-19794171988-19892911998-19993342008-2009372
1979-19804401989-19902601999-20003562009-2010350
        
2010-20113242011-20123262012-20133312013-2014319
2014-20152982015-20163032016-20173032017-2018291
2018-20192782019-20202712019-20202722020-2021276
2021-2022295