Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skulefritidsordning - Moderasjonsordningar og redusert foreldrebetaling for SFO

Generelt

Denne omtalen omhandlar moderasjonsordningar i skulefritidsordninga i Stord kommune.

Følg denne lenkja om du er ute etter generell informasjon om SFO-ordninga: Generell informasjon om SFO-ordninga finn du her

Følg denne lenkja om du er ute etter prisar for dei ulike SFO-tilboda: Alle prisar for SFO finn du på sida avgifter og gebyr 

Følg denne lenkja om du ønskjer informasjon om moderasjonsordningar i barnehageInformasjon om redusert foreldrebetaling i barnehage finn du her

 

Tilbod som ikkje er inntektsgradert og som vert berekna automatisk

Rett til 12 timar gratis SFO /gratis kjernetid

Hausten 2022 vart det forskriftsfesta at kommunane skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. trinn for elevar som har SFO-tilbod. Sjå forskrift til opplæringslova § 1B-4.

I statsbudsjettet for 2023 vart det vedtatt at ordninga skal utvidast til òg å omfatta elevar på 2. trinn. Forskrifta er på høyring og endring er venta å tre i kraft med verknad frå august 2023. Med atterhald om at forskriftsendringa blir vedtatt, utvidar Stord kommune tilbod om 12 timar gratis SFO/ gratis kjernetid til òg å omfatta elevar på 2. trinn. Om forskriftsendringa blir vedtatt, vil me ta kontakt med foreldre på 2. trinn og informera om kva tilbod/prisar som skal gjelda.

Les meir om dei nye tilboda for 2. trinn nedanfor.

Prisreduksjon er kalkulert inn i pris på dei ulike tilboda.

 

Syskenmoderasjon

Stord kommune tilbyr syskenmoderasjon i SFO. For å få rett til søskenmoderasjon må søsken bu i same hushald. Søskenmoderasjon vert rekna ut etter kva plasstype det enkelte barn har. Han vert berekna slik: For første barn må du betala vanleg pris. For barn nummer to får du 30 prosent søskenmoderasjon. For barn nummer tre og oppover får du 50 prosent søskenmoderasjon.

Merk at du ikkje treng søkja om søskenmoderasjon. Han vert berekna automatisk.

 

Elevar med særskilde behov på 5. til 7. trinn

Elevar med særskilde behov har rett til gratis SFO-plass frå 5.—7. årstrinn.

 

Inntektsgradert foreldrebetaling og som krev søknad

Redusert foreldrebetaling

Ingen hushald (familiar) pliktar å betala meir enn seks prosent av den totale årsinntekta si for éin fulltids plass i Skulefritidsordninga (SFO). Ordninga gjeld for elevar på 1. og 4. trinn. Du må søkja om redusert foreldrebetaling. Sjå meir informasjon om ordninga og søknadsprosessen nedanfor.

Ordinær pris for ein 100% SFO-plass i Stord kommune er kr. 3 343,- per månad. Det er 10 betalingsmånadar per skuleår. I tillegg kjem eventuell foreldrebetaling for SFO på skulefrie dagar og sommar-SFO. Det vil vera hushald (familiar) med lågare inntekt enn kr 557 167 som har rett på redusert foreldrebetaling for 100% SFO-plass.

Skuleåret 2022-2023 fekk Stord kommune tilskot til gratis SFO for familiar med låg inntekt. I tråd med føringar for utdeling av tilskotet bruker kommunen midla til å gi eit utvida gratis tilbod om heiltidsplass til elevar frå familiar med låg inntekt ved SFO på 1. trinn. Tilskotet gjeld ikkje for elevar på 2. – 4. trinn, eller andre elevar på 1. trinn.

Om tilskotsordninga vert vidareført i skuleåret 2023-2024, er for tidleg å seia noko om. Stord kommune vil senda informasjon til alle foreldre på 1. trinn dersom ordninga blir vidareført.

Pris for tenesta

SFO i skuleåret

Ordinær pris for ein 100% SFO-plass i Stord kommune er kr. 3 343,- per månad. Det er 10 betalingsmånadar per skuleår. I tillegg kjem eventuell foreldrebetaling for SFO på skulefrie dagar og sommar-SFO.

Det vil derfor vera hushald (familiar) med lågare inntekt enn kr 557 167,- som har rett på redusert foreldrebetaling for 100% SFO-plass.

Alle prisar for SFO finn du på sida avgifter og gebyr 

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Førebuing til innsending av søknad

Du treng desse vedlegga:

Før du skal søkja må du finna fram siste års skattemelding(ar) (sjølvmeldinga) for hushaldet (familien), denne må leggjast ved søknaden du sender inn. Om skatteoppgjeret er klart, kan du i staden leggja ved dette. Dette er dokumentasjon på at du faktisk har krav på redusert foreldrebetaling.

Om du har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står i skattemeldinga, må du dokumentera desse. Dette kan mellom anna vera renteinntekter, aksjeutbytte og leigeinntekter. Søknaden vert ikkje handsama før all dokumentasjon er sendt inn.

Om du nyleg er kommen til Noreg og verken har skattemelding, lønnsslippar eller vedtak frå NAV, må du leggja ved politiattest på opphaldsløyve.

Nedanfor finn du forklaring på omgrepa skattemelding og hushald (familie).

Forklaring på sentrale omgrep

Kva meiner me med hushald (familie)?

Med hushald meiner me ektefellar, sambuarar og registrerte partnarar. Med sambuar meiner me to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.

Bur barnet fast hos begge foreldra (delt bustad), skal betalinga frå foreldra vere berekna ut frå inntekta til den av foreldra der barnet er folkeregistrert.

Kva er ei skattemelding og kvar finn eg denne?

Skattemelding erstatta det me tidlegare kalla for sjølvmelding. I april får alle som tek imot løn, pensjon eller uføretrygd ei skattemelding. Det er ei oversikt over inntektene dine, frådrag, formue og gjeld.

Her er lenkje til Skatteetaten sine sider der du kan finna informasjon om og henta ned ei fil med skattemeldinga eller skriva den ut på skatteetaten.no

Innsending av søknaden

Du søker om redusert foreldrebetaling via Visma Flyt Skole. Lenkje til innlogging finn du her: Logg inn (visma.com)

Om du ikkje kan søkja elektronisk, ta kontakt med skulen der elev er skriven inn.

Barn som er folkeregistrert i annan kommune enn den dei går på skule i må senda søknad til den kommunen der barnet er folkeregistrert.

Eg treng hjelp til å skriva søknaden

Du kan ta kontakt med Stord kommune, fagavdeling oppvekst og kultur, for å få hjelp til å skriva søknaden. Av omsyn til kapasitet bør du gjera avtale med sakshandsamar på førehand.

Søknadsfrist og kor lenge vedtak gjeld

For søknadar motteke før 1. august vil kommunen sitt vedtak få verknad frå 1. august og ut skuleåret. Vert det søkt etter 1. august, får vedtaket verknad frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.

Merk at før du har motteke vedtak om redusert foreldrebetaling må alle fakturaer for SFO betalast innan frist som kjem fram av faktura. Om du har rett til tilbakebetaling, vil beløp verta avrekna ved seinare høve.

Merk at du må senda ny søknad om redusert foreldrebetaling kvart SFO år.

Har hushaldet (familien) hatt varig nedgang i inntektene inneverande år?

Du kan søkja undervegs i SFO-året om du har hatt vesentleg og varig endring i inntekta. Det kan vera at inntekta går kraftig ned på grunn av for eksempel arbeidsløyse, samlivsbrot eller dødsfall. Inntektsfallet må dokumenterast. Aktuell dokumentasjon skal ikkje vera eldre enn 1 månad. Skattefrie overføringar som barnebidrag, kontantstønad, barnetrygd m.m. skal ikkje inkluderast i inntektsgrunnlaget.

Døme på dokumentasjon av varig nedgang i inntekt:

  • Ytingar frå NAV som er skattepliktige
  • Dersom det er endringar frå skatteoppgjer/skattemelding når det gjeld tilsetjingsforhold/jobb, må arbeidstakar få stadfesting frå arbeidsgjevar om tilsetjingsforhold (stillingsstorleik, fast/mellombels, løn per år)
  • Sjølvstendig næringsdrivande: Stadfesting frå rekneskapsførar/revisor på forventa årsinntekt
  • Arbeidsledige: Stadfesting frå NAV om utbetaling og tidsrom for utbetaling
  • Ved permisjon utan lønn skal dette dokumenterast
  • Studentar: Kopi av studentbevis eller stadfesting frå skulen om skuleplass,
  • Ev. annan relevant dokumentasjon (skal leggjast ved)

Husk: Både personinntekt og kapitalinntekt skal takast med i berekninga

Til dømes:

  • Ytingar frå NAV som er skattepliktige, t.d.: Sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar, uføretrygd, dagpengar, stønad som einsleg forsørgjar, etterlatepensjon
  • Kapitalinntekter, t.d.: Renteinntekter, fonds- og aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigedom og lausøyre
  • Andre inntekter, t.d.: Bustønad, leigeinntekter

Saksbehandling

Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å venda deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Merk at Stord kommune sender deg brev digitalt til den digitale postkassen din. Om du ikkje har oppretta digital postkasse, vil du få brev på papir.

Saksbehandlingstid

Søknad om redusert foreldrebetaling vert handsama av fagavdeling oppvekst og kultur.

Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å venda deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Merk at Stord kommune sender deg brev digitalt til den digitale postkassen din. Om du ikkje har oppretta digital postkasse, vil du få brev på papir.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å handsama saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til instansen som fatta vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Dersom klagen verken heilt eller delvis vert teken til følgje, vil klagen med alle saksvedlegg bli sendt vidare til sentral klagenemnd i kommunen. Vert klagen teken delvis til følgje, vil eit nytt vedtak med ny frist for klage bli sendt til dykk frå kommunen. Nemnda si avgjerd er endeleg og kan ikkje klagast på.

Klagen kan du senda digitalt

Du kan alternativt senda søknaden til:

Stord kommune v/fagavdeling OKU
Postboks 304
5402 Stord

 

Retningsliner

Regelverk for SFO

Moderasjonsordningar i skulefritidsordninga
 

Vedtekter

Lenke til vedtekter for SFO

 

"Vi lovar ..."

Opplæringslova

Forskrift til opplæringslova

Forvaltningslova

Sjå spesielt opplæringslova § 13-7 og forskrift til opplæringslova kapittel 1B.

Kontakt

Fagavdeling oppvekst og kultur

 

Skulefagleg rådgjevar Nancy Aasheim

Telefon: 53 45 64 85

 

Leiar avdeling for forvaltning, tilsyn og administrasjon Hans Dagfinn Reppen

Telefon: 53 49 67 94 

Tenesta oppdatert: 05.05.2023 12:13