Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Spesialpedagogisk hjelp

Generelt

Rett til slik hjelp er heimla i Barnehagelova § 31

Barn under skulepliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp når dei har særleg behov for dette. Hjelpa omfattar tilbod om foreldrerådgjeving.

Retten til spesialpedagogisk hjelp er ein individuell rett. Den spesialpedagogiske hjelpa skal vera gratis ved at føresette ikkje kan verta pålagt utgifter knytt til spesialpedagogisk hjelp.  

Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barnet tidleg hjelp og støtte i til dømes språklege og sosiale dugleikar. Hjelpa skal bidra til barnet si utvikling og læring. Ho skal også bidra til at barnet vert betre rusta til å byrja på skulen, og til at det får nødvendig hjelp med vanskane på eit tidleg tidspunkt.

Kommunen har plikt til å oppfylla retten til spesialpedagogisk hjelp jf. barnehagelova § 31 fjerde ledd, og det er kommunen som har ansvar for at barn som har rett til spesialpedagogisk hjelp, faktisk får den hjelpa som er fastsett i vedtaket.

Barnet har berre rett til spesialpedagogisk hjelp i den kommunen det er busett. Dette gjeld også om barnet går i ein barnehage utanfor kommunen.

Les meir om retten til spesialpedagogisk hjelp her:

Udir – spesialpedagogisk hjelp

Barnehagelova kap. VII

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

  1. Føresette (ev. i samarbeid med barnehagen) sender tilvising til PPT med bakgrunn i barnet sitt behov. Tilvisingsskjema finn ein her.

    Tilvisinginga skal sendast til:

    Stord kommune Pedagogisk Psykologisk Teneste
    Postboks 304
    5402 Stord
     
  2. PPT vurderer om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje.
     
  3. Kommunen v/fagavdeling oppvekst og kultur fattar enkeltvedtak som beskriv den spesialpedagogiske hjelpa barnet skal få. (etter samtykke /søknad frå føresette).

    Her er lenke til elektronisk søknadsskjema/samtykkeskjema.

    Ferdig utfylt skjema vert sendt til Stord kommune sitt sakshandsamingssystem, og fordelt til vedkomande som fattar vedtak om spesialpedagogisk hjelp.

    Sjå meir utfyllande informasjon om saksgang her: Prosedyre spesialpedagogisk hjelp.

    Merk: du kan søka om spesialpedagogisk hjelp heile året. Søknadar vert handsama fortløpande. Har du behov for rettleiing ta kontakt med fagavdeling oppvekst og kultur. Sjå kontaktinformasjon nedanfor.

Høve til å klage

Føresette kan klaga på enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Klaga skal sendast til Stord kommune v/fagavdeling oppvekst og kultur.  Dersom vedtaket vert oppretthaldt, vert klaga sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland.

Kontakt

Ragnhild Storebø

Telefon 976 89 249

E-post. ragnhild.storeboe@stord.kommune.no

Tenesta oppdatert: 27.04.2022 13:43