Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Logopedteneste for barn og unge

Generelt

Logopeden arbeider både direkte med barn og unge, og indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestastjon og PPT.

Målgruppe

1.  Førskulebarn og elevar i grunnskulen med:

  • Språkvanskar (vanskar med omgrep ,setningsoppbygging eller grammatikk)
  • Uttalevanskar og fonologiske vanskar
  • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
  • Stemmevanskar

2. Foreldre, barnehagar og skular (rådgjeving og førebyggande arbeid)

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Logopedtenesta skal vera eit lågterskeltilbod. Ein kan ta direkte kontakt over telefon for å rådføra seg. Ein kan også tilvisa ved å nytta tilvisingsskjema. 

Tilvisingsskjema finn du til høgre under Skjema.

Ein kan også få tilvisingsskjema ved å venda seg til:

  • Helsesøster
  • Barnehagar og skular 

Tjenesten oppdatert: 27.02.2018 12:44