Rådgjeving i skulen
Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett til rådgiving om utdanning og yrkesval.
Tenesteomtale
På den skulen du går, skal det vere eit tilbod om rådgjeving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skulen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgjeving). Skulen kan eventuelt finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dei. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgjevingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgjevinga skje i gruppe eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller.
Rådgjeivinga skal medverke til å utjamne sosiale forskjellar elevane imellom, førebyggje at elevar ikkje fullfører skulen og integrere etniske minoritetar.
Målgruppe
Elevar i grunnskule og vidaregåande skule
Kriterium/vilkår
Rådgjevinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skulen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta.
Pris for tenesta
Tenesta er gratis.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Eleven sine føresette og hjelpeinstansar utanfor skulen
Lover
Sjå forskrift til opplæringslova kap. 22 Retten til nødvendig rådgiving
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Som skuleeigar har kommunen/fylkeskommunen ansvar for å ha eit tilbod om rådgjeving. Dersom du ikkje får nødvendig rådgjeving, kan du vende deg til statsforvaltaren som fører tilsyn etter opplæringslova.
Tenesta oppdatert: 05.04.2021 12:57
Eining
Tenesteomtalar
- Brukarmedverknad i skulen
- Den kulturelle skulesekken
- Grunnskuleopplæring - retten til gratis opplæring
- Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre
- Kristendom, religion, livssyn og etikk - melding om delvis fritak
- Leksehjelp i grunnskulen
- Logoped for barn og unge
- Opplæring for elevar med hørselshemming
- Opplæring for elevar som brukar alternativ kommunikasjon (ASK)
- Opplæring i heimen ved langvarig sjukdom
- Opplæring i samisk
- Ordensreglement i grunnskulen
- Permisjon frå grunnskuleopplæring
- Skriftleg sidemål - fritak frå opplæring eller vurdering med karakter
- Skulestart
- Skuletilhøyring - nærskule og skulebyte
- Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet
- Vidaregåande opplæring for vaksne