Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skuletilhøyring - nærskule og skulebyte

Generelt

Kva skule skal dykkar barn gå på?

Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til (nærskuleretten).

Føresette kan søkje om å få barnet sitt inn ved ein annan skule enn nærskulen (skulebyte).

Det er kommunen som avgjer kva skule barna skal gå på. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med barn som er i skulepliktig alder. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt.

Kommunen har utarbeidd ei «rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune». Skuleplass vil bli tildelt i høve til denne.

Kart over skulekrinsgrenser

Når elevane skal fordelast på dei ulike skulane, må fordelinga skje i samsvar med nærskuleprinsippet. Kommunen må på kollektivt grunnlag vurdere kva buområde som ligg nærast dei forskjellige skulane. Det kommunen har kome fram til etter ei kollektiv vurdering, vil likevel ikkje alltid samsvare med kva skule som er nærast for enkelte elevar/elevgrupper. I nærskuleprinsippet ligg det også at det skal gjerast ei særskild og individuell vurdering i høve til den enkelte elev. Kommunalt fastsette grenser mellom skulane er ikkje meint å vere absolutte. Les meir om nærskuleprinsippet nedanfor.

Om du ikkje er einig med kommunen/skulen i kva som er nærskulen, kan du be om ei individuell vurdering. Meir om dette under overskrifta søknad.

Nærskuleprinsippet / nærskuleretten

Elevar i grunnskulen har ein lovfesta individuell rett til å gå på nærskulen. Dette gjeld også elevar som har trong for spesialundervisning. Denne retten følgjer av opplæringslova § 8-1 første ledd første pkt., der det står at elevane:

”har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til.”

Begge formuleringane, ”nærast” og ”soknar til”, handlar om same vurderingstema, nemleg kva som skal reknast som nærskulen.

Kva som skal reknast som nærskulen vert avgjort av ei rekkje forhold omtalt i opplæringslova sine forarbeid, jf. NOU:18 1995 og Ot.prp. nr. 46 (1998-1999). Det skal

  • takast utgangspunkt i geografi, men også andre objektive forhold som 
  • topografi og
  • farleg skuleveg er relevante omsyn.
  • I tillegg kan det leggjast vekt på subjektive forhold som at eleven har søsken på skulen og
  • skulen sin kapasitet.

Utdanningsdirektoratet seier at det kan leggjast vekt på kapasitet ved skulen når det vert dokumentert at ein skule er full. Ein skule er full i nærskuleprinsippet sin forstand når elevtalet har nådd ei viss grense – skjønnsmessig, pedagogisk og bygningsmessig. Med eit slikt maksimumstal som bakgrunn, må kommunen fordele dei øvrige elevane på andre skular på ein forsvarleg og likeverdig måte, anten ved forskriftsregulering og/eller ved enkeltsaksbehandling.

Om retten til å gå på annan skule enn nærskulen (skulebyte, jf. § 8-1, 3. ledd):

Nokon ønskjer å gå på ein annan skule enn nærskulen eller ønskjer å fortsetje ved same skule etter at elev har flytta til ny skulekrins.

Stord kommune praktiserer ikkje «fritt skuleval». Unntaksvis kan ein elev etter søknad takast inn på annan skule enn den eleven soknar til. Sjå kva omsyn vi byggjer avgjerda vår på nedanfor. Ei avgjersle om skulebyte ligg innanfor kommunen sitt frie skjønn. Vedtaksmynde ligg hos kommunalsjef.

Eit slikt vedtak, anten søknaden vert innvilga eller avslått, er eit enkeltvedtak som skal følgje forvaltningslova sine formkrav.

Fylkesmannen kan ikkje overprøve dette ved å avgjere kva elevar som skal få innvilga skulebytte. Søknaden må likevel handsamast etter alminnelege forvaltningsrettslege reglar. Dette inneber mellom anna forbod mot usakleg skilnadsbehandling.

Eit positivt vedtak kan ikkje avgrense andre elevar sin rett til å gå på nærskulen. Ved kapasitetsavgrensingar må den eleven som bur nærast den aktuelle skulen gjevast fortrinn.

Omsyn ved avgjerd om skulebyte vert fastsett etter skjøn

Omsynet til barnets beste

Vi skal ta omsyn til barnets beste, men omsynet treng ikkje vere avgjerande for utfallet i saka.

Kapasitet og økonomi

Ein føresetnad for skulebytte er at skulen har kapasitet til å ta imot eleven. At skulen eleven søkjer seg til har kapasitet, er ikkje tilstrekkeleg aleine.

Kapasiteten kan svinge mellom trinn. Det kan vere manglande kapasitet på eit trinn, men ikkje på eit anna. Vi stiller ikkje krav om at skulen eller klassen skal vere full, men tar høgde for tilflyttingsplassar.

Kapasitet går ikkje berre på talet elevar, men kan òg vurderast ut i frå spesielle behov/ressurskrevjande høve ved klasse/trinn.

Dersom flytting av ein elev vil føre til behov for ein ekstra pedagog eller til klassedeling, vil dette tale for å avslå søknaden. Dersom flytting fører til overflødig personell hos avgjevande skule, taler dette for å avslå søknaden.

Dersom eleven sin nærskule er full eller tilnærma full, og eleven søkjer seg til ein skule med ledig kapasitet, vil dette tale for å innvilge søknaden.

Søsken skal få gå på same skule

At eleven har søsken ved ein skule, vil vere eit tungtvegande moment i høve til kva som skal reknast som eleven sin nærskule. Om vi finn at eleven har ein annan nærskule enn den skulen som søsken går på, taler omsynet til at søsken skal få gå på same skule for å innvilge søknaden.

Tungtvegande, sosiale og/ eller medisinske høve

Utgangspunktet er at det ikkje er fritt skuleval i Stord kommune. Det er derfor berre tungtvegande sosiale og/ eller medisinske høve som vil vere relevante i høve til skulebytte.

Til dømes vil ønske om å gå på same skule som vener i utganspunktet ikkje vere relevant i høve til skulebyte. Vidare vil meir praktiske årsaker, som nærleik til foreldre sin arbeidsstad, søsken sin barnehage og liknande, heller ikkje vere relevant.

Ved samlivsbrot hos eleven sine foreldre eller ved dødsfall i eleven sine nære relasjonar kan ein elev vere særleg sårbar. Omsynet til at eleven skal få halde fram ved ein skule / flytte til ein skule som eleven har nær tilknyting til, vil då vere relevant ved avgjerd om skulebyte.

Om ein elev har særskilt behov, kan det takast omsyn til at ønskt skule er betre tilpassa eleven enn kva nærskulen er.

Utrygt skulemiljø som følgje av krenking eller mobbing

Ønske om miljøskifte i seg sjølv vil ikkje vere tilstrekkeleg for skulebyte. At ein elev opplever å ha eit utrygt skulemiljø som følgje av krenkingar eller mobbing, kan tale for å innvilga skulebyte. Ein føresetnad vil i utgangspunktet vere at saka er meldt til skulen og at ein ikkje finn rimeleg løysing der. I mobbesaker kan det òg vere aktuelt å flytte den som mobbar.

Trafikk- og tryggleik

Om ein elev har eller vil få særleg farleg skuleveg vil vere relevant ved søknad om skulebyte.

Fullføring av skuleår ved same skule

Det kan takast omsyn til eleven sitt ønske om å fullføre eit skuleår på den skulen eleven har flytta frå (tidlegare nærskule). På same måte kan det takast omsyn til at ein elev skal flytte til ny skulekrins etter skulestart (framtidig nærskule) dersom flytteplanane er konkrete. Med konkret meiner vi at ein har ei adresse og eit tidspunkt for flyttinga.

Målgruppe

Føresette med born i skulepliktig alder

Kriterium/vilkår

Kva skule eleven høyrer til, avgjer kommunen etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til om for eksempel sysken er plasserte på den same skulen, kapasiteten på skulen og om skulevegen er farleg.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Søknad

Søknad om individuell vurdering av kva som er nærskulen og søknad om å gå på annan skule enn nærskulen.

Kva må søknaden innehalde?

Vi har ikkje utarbeidd eigne søknadsskjema for dette.

Søknad må minimum innehalde:

  • Fult namn, fødselsdato og adresse til barnet og dei føresette, den/dei som har omsorga for barnet
  • Kontaktinformasjon
  • Kva skule eleven er tatt opp ved / går på / kjem til å bli tatt opp ved
  • Kva skule eleven ønskjer å gå på
  • Grunngjeving for kvifor barnet skal ha nærskulerett til annan skule enn den som følgjer av skulekrinskartet (Sjå kva me vektlegg under avsnittet "Nærskuleprinsippet/nærskuleretten) eller
  • Grunngjeving for skulebytte (Sjå kva me vektlegg under avsnittet "Om retten til å gå på annan skule enn nærskulen")

Kor sender/leverer eg søknaden?

Søknad sendast til Stord kommune, fagavdeling oppvekst og utdanning.

via:

eDialog - Sikker innsending av dokumenter til kommunen

eller
Postadresse

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

Eller leverast på rådhuset:

Besøksadresse

Borggata 2
5417 Stord

Ope måndag til fredag 08.00 - 15.30

Eg treng hjelp til å skrive søknaden

Du kan ta kontakt med Stord kommune fagavdeling oppvekst og utdanning for å få hjelp til å skrive søknaden. På grunn av kapasitetsomsyn bør du gjere avtale med saksbehandlar på førehand.

Saksbehandlingstid

Kva er sakshandamingstida på søknad om skulebyte?

Svar: Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Førehandsuttale

Eks: Du skal kjøpe hus på adresse x, dette ligg i skulekrins A. Du ønskjer at barnet ditt skal gå på skule i krins B. Før du kjøper må du derfor vite om du vil få samtykke til skulebyte/samtykke til at elev kan fortsetje ved same skule trass flytting ut av skulekrinsen.

Svar: Stord kommune kan ikkje gje førehandsuttale om utfall av vedtak. Me gjev berre rettleiing om kva reglar og praksis vi har. Det er her likevel verdt å merke seg at Stord kommune ikkje har fritt skuleval. Dette inneber normalt at alle elevar skal gå på sin nærskule. Kommunen kan gjere unntak i særlege høve. Sjå meir om kva omsyn vi byggjer slike avgjerder på.

Høve til å klage

Du kan klage både på vedtak om kva skule eleven høyrer til, og på vedtak om skulebytte til annan skule. Klagefristen er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Kontakt

Fagavdeling for oppvekst og utdanning

Hans Dagfinn Reppen

E-post: Hans.Dagfinn.Reppen@stord.kommune.no

Telefon: 53 49 67 94

Tjenesten oppdatert: 07.05.2019 09:02