Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Viktig informasjon

Korona   Koronavirus illustrasjon                Ukraina og Stord   Ukrainsk flagg

A A A

Opplæring i samisk

Generelt

Opplæring i samisk uansett kor i landet du bur.

Rett for eleven – plikt for skulen.

Tenesteomtale

Om retten til samiskopplæring

  • Elevane (føresete) får velja kva samisk språk dei ønskjer opplæring i: nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk
  • Elevane kan velja samisk som første- eller andrespråk. Samisk som andrespråk er delt inn i to nivå. (Nivå 2 og Nivå 3.)
  • Elevane er fritatt frå framandspråk/språkleg fordjuping, men har rett til å velja slik fordjuping dersom dei ønsker dette. Moglegheit for fordjuping inkluderer også moglegheit til å ta fordjuping i samisk
  • Elevane er fritatt frå opplæring i norsk sidemål, men er ikkje fritatt frå å lesa og forstå tekstar på både bokmål og nynorsk.
  • Elevane kan velja samisk som første- eller andrespråk. Samisk som andrespråk er nivåinndelt.
  • Undervising i faget følgjer læreplanverket kunnskapsløfte – samisk
  • Elevar som får opplæring i eller på samisk, er fritatt frå krav om framandspråk og skriftleg sidemål. (Men dei har rett til å velja framandspråk)
  • Skuleeigar må tilby alternativ opplæring, t.d. fjernundervising, om det ikkje finst kvalifisert personale.
  • Elev har rett til opplæring i samisk på sin nærskule
  • Skuleeigar må tilby alternativ opplæring, t.d. fjernundervising, om det ikkje finst kvalifisert personale.
  • Stord kommune ligg utanfor dei samiske distrikta. Dette inneberer at opplæringslova ikkje gir rett til opplæring på samisk. Det betyr at opplæring i andre fag ikkje vert gitt på samisk. Om det er 10 eller fleire elevar i grunnskulen med rett til opplæring i samisk, plikter kommunen å oppretta tilbod om opplæring på samisk. Tilbodet kan avviklast om talet vert mindre enn 6.)
  • På barneskulen er det føresette som avgjer om barna skal lære seg samisk. Frå  og med 8. trinn er det eleven sjølv som avgjer dette.

Opplæringstilbodet

Dersom kommunen ikkje kan gi opplæring i samisk med kvalifisert personell, vil elevane ha krav på alternative formar for opplæring, jf. Opplæringslova § 6-2, 5. ledd og forskrift til opplæringslova § 7-1.

Alternative former for opplæring kan for eksempel vere fjernundervisning, intensivundervising eller særlege leirskuleopphald, jf. forskrift til opplæringsloven § 7-1 første ledd. Alternative opplæringstilbod for elevar i grunnskulen skal bli utarbeida i samarbeid med foreldra, jf. forskrift til opplæringsloven § 7-1 andre ledd.

Samisk som førstespråk

Dette alternativet er for elevar som kan samisk og har dette som heimespråk. Elevar som har samisk som førstespråk, får den første lese- og skriveopplæringa på samisk. I norskfaget får dei opplæring etter læreplan i norsk for elevar med samisk som førstespråk. Førstespråket har fleire undervisingstimar og læreplanen har større krav enn andrespråks læreplanen.

Det er mogleg å velja to førstespråk, altså både samisk og norsk som førstespråk.

Samisk som andrespråk

Elevar som har samisk som andrespråk, kan ha ulike forkunnskaper når dei startar med samisk språkopplæring. For nokon elevar vil samisk vere eit heilt nytt språk, medan andre elevar kan noko samisk når dei startar på skulen. Situasjonen for elevar når det gjeld høve til å utvikla språket ved å høyra og få bruka språket dagleg i sitt nærmiljø, er også ulik. Derfor er læreplanen i samisk som andrespråk, bygd opp slik at den skal passa for elevar med ulike forkunnskaper, for elevar som har behov for å bruka noe lengre tid på innlæring av språket og for elevar som starter med samisk på ulike årstrinn.

Grunnskoleopplæring for vaksne

Ein voksen kan ha rett til opplæring i og på samisk etter § 4A-1. Kapittel 4A gir uttømmande reglar om opplæring som er spesielt organisert for vaksne. Opplæringslova kapittel 6 om rett til samisk opplæring gjeld derfor ikkje direkte for vaksne. Grunnskoleopplæring på samisk for vaksne etter § 4a-1 må bedømmast konkret i det enkelte tilfellet. Vurderingstemaet er om opplæring på samisk er nødvendig for den enkelte vaksne for at opplæringa skal vere forsvarleg. Sjå eiga tenesteomtale om vaksenopplæring. 

Målgruppe

Samiske barn (barn av forelder/foreldre som står i eller har rett til å stå i samemanntalet), jf. Opplæringslova §6-1.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med din nærskule i god tid før skulestart, helst før 15. april. Dette av omsyn til at kommunen skal få på plass eit godt tilbod til eleven innan skulestart.

Merk: ein kan søka om opplæring i samisk gjennom heile året.

Skulen treng informasjon om:

  • Kva samisk språk er det ønskje om opplæring i
  • Ønskje om opplæring i samisk som første- eller andrespråk (nivå 2 eller 3)?

Registreringsskjema for ønskje om opplæring i samisk 

Kontakt

Fagavdeling for oppvekst og kultur

Tlf 53 49 66 00

Tenesta oppdatert: 19.10.2021 14:55