Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre
Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet og har same rett til å delta på foreldremøte.
Tenesteomtale
Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skulegang frå skulen si side og har same retten til å delta på foreldremøte.
Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skulegang, men berre dersom vedkomande spør skulen spesielt. Ein har i utgangspunktet ikkje rett til å delta på foreldremøte, men vil kunne delta dersom den som har foreldreansvaret, gjev sitt samtykke. Skulen kan likevel avtale eigne møte med den biologiske forelderen, men kan og velje å gje informasjonen skriftleg.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Se spesielt barnelova § 47 Rett til opplysningar om barnet
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Dersom foreldra har felles foreldreansvar og du er den av foreldra som barnet ikkje bur hos, kan du vende deg til skulen og be om å få informasjon direkte. Skolen pliktar da å halde deg jamleg orientert om skulegangen til barnet ditt. Er du biologisk forelder, men utan foreldreansvar, har du rett på informasjon berre i dei tilfella du vender deg direkte til skulen.
Høve til å klage
Du kan klage til Statsforvaltaren på avslag om å få informasjon. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gitt avslaget, vurdere om det er grunn til å endre det.
Tenesta oppdatert: 16.02.2022 16:45
Eining
Tenesteomtalar
- Brukarmedverknad i skulen
- Den kulturelle skulesekken
- Grunnskuleopplæring - retten til gratis opplæring
- Kristendom, religion, livssyn og etikk - melding om delvis fritak
- Leksehjelp i grunnskulen
- Logoped for barn og unge
- Opplæring for elevar med hørselshemming
- Opplæring for elevar som brukar alternativ kommunikasjon (ASK)
- Opplæring i heimen ved langvarig sjukdom
- Opplæring i samisk
- Ordensreglement i grunnskulen
- Permisjon frå grunnskuleopplæring
- Rådgjeving i skulen
- Skulestart
- Skuletilhøyring - nærskule og skulebyte
- Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet