Dei tre verksemdene er:

  • Engelsen anlegg
  • Byggern, avdeling Stord
  • Sunnhordland distribusjon

Morten Isdahl Halhjem, frå Engelsen anlegg, Per Morten Marthinussen, frå Byggern avdeling Stord, og Øyvind Havn, frå Sunnhordland distribusjon var tilstades i kommunestyremøtet torsdag 25.04.2024. Dei fekk utdelt blomebukett og diplom frå ordførar Sigbjørn Framnes.

Om sertifiseringa

Stiftinga Miljøfyrtårn står bak sertifiseringsordninga. Målet er at verksemdene skal driva lønsamt og miljøvenleg. Ordninga vert støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.  

For å bli sertifiserte må verksemdene møta strenge krav til miljøstandard og rutinar innan tema som: 

  • arbeidsmiljø
  • innkjøp
  • energi
  • transport
  • avfall
  • utslepp
  • estetikk

Vil du vita meir?

Vil du vita meir om miljøfyrtårn, eller kanskje verksemda di ønskjer sertifisering? Sjå meir informasjon om miljøfyrtårn og sertifisering på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no), eller ta kontakt med Stord og Fitjar landbruk og miljøkontor.