Dagen vart delt inn i to bolkar for å få med flest mogleg, med ei samling på føremiddagen og ei på ettermiddagen. Totalt var det over 170 tilsette påmeldt på fagdagen. Fagsamlingane var på 3 timar per og vart haldt i småsalen, Stord kulturhus. 

Det var Ulf Berge som held føredrag på fagdagen, arrangert av prosjektleiar Lene Almås Halvorsen. Ulf er førstelektor ved VID Stavanger og er utdanna vernepleiar. Han har dei siste åra undervist og inspirert mange kommunar til å implementere rammeverket; Positiv åtferdsstøtte. Prosjektgruppa i Eining for habilitering har arbeida med innføring av rammeverket sidan 2020. Dette er eit felles verdigrunnlag som vart nyttar i tenesteytinga. 

PAS er ein måte å tenkje på og støtte på som setter tenestemottakar i sentrum. Når omgjevnadane vert tilrettelagd og når ein person lærer meir akseptabel og effektiv åtferd - så vil livskvaliteten auka. Den forståing, dei verdiane og dei etiske retningslinjene som ligg i bunn i PAS er etter vår meining den beste tilnærminga for å kunne levere tenester av god kvalitet, seier Lene Almås Halvorsen.

PAS kan vera eit rammeverk for alle menneske, uansett behov. Derfor ser prosjektleiar verdien av å dela denne kunnskapen med andre instansar i kommunen, då det er nyttig kunnskap å ta med seg i alt arbeid med andre menneske. Med oss på fagdagen valde dei å invitere andre frå kommunen til å delta. Det var deltakarar med frå blant anna heimebaserte tenester, sjukeheimen, psykisk helse og rus, barne- og ungdomsskule, FACT-team, utekontakten og aktivitet og rehabilitering.