Positiv adferdsstøtte (PAS) er eit rammeverk som rustar opp støttepersonar, det vil seie tenesteytarar, pårørende og leiarar, med kunnskap, haldningar og ferdigheiter på ein positiv, respektfull og effektiv måte. Systemfokuset inneber at ein ikkje berre ser på personen, men like mykje på systemet rundt. 

Den første artikkelen beskriv arbeidet rundt ei ung kvinne med moderat psykiske lidingar og korleis PAS kan bidra til auka livskvalitet. Dei innførte tre tiltak som er utforma for å betre forstå brukaren sine behov, ønskjer og adferd som utfordrar. 

Første tiltak var somatisk differensialdiagnostikk der dei kartla medikamenta brukaren tok og fann ut saman med fastlege at medisin mot ADHD gav liten effekt. Tiltak to var gjennomgang av strukturen i kvardagen til brukaren. Det vart auka fokus på å skapa mest mogleg forutsigbare rammer i kvardagen. I tillegg vart tilsette fokus på positiv tilnærming og trygga med bekreftelse og å bli sett. Tiltak tre var å læra brukaren sosiale ferdigheiter. Dei laga ein sosiale historie utforma i teikneserieformat. Dette med bakgrunn i brukaren sine interesser, og det vart nytta illustrasjonar brukaren kunne kjenna seg att i. 

Sidan fleire av tiltaka vart innført samtidig er det vanskeleg å skilja effekten mellom kvart tiltak, men innanfor eit PAS-perspektiv så er det ikkje så relevant kva tiltak som har ført til best effekt, men at utfallet bidrar til oppleving av auka livskvalitet for tenestebrukar, seier prosjektleiar Lene Halvorsen. 

Den andre artikkelen handlar om implementeringa av PAS i Stord kommune. Med ønskje om eit tenestetilbod som i større grad er prega av god kvalitet, og at alle tilsette i større grad kan oppnå eit felles fagspråk.

Innanfor PAS er det vektlagt at brukarane ikkje skal vere hjelparar, men at dei skal fungera som aktive deltakarar og samarbeidspartnarar i ein gjensidig utvekslingsprosess. 

Med midlar frå helsedirektoratet fekk eining for habilitering moglegheit til å oppretta ein 50 % prosjektleiarstilling som har jobba med implementeringsarbeid i Stord kommune. Eining for habilitering gir teneste til personar med utviklingshemming og autismeaspekter-diagnosar. Kristine Sætrevik var prosjektleiar i eitt år før ho gjekk over i ny jobb og Lene Halvorsen tok over som prosjektleiar. 

For å implementera kunnskapen i verksemda valde dei å laga arbeidsgrupper der tilsette frå ulike einingar jobba i lag. Dette for å skapa motivasjon, engasjement og driva prosessen framover. Gruppene besto av ni miljøterapeutar og fagarbeidarar med vidareutdanning i PAS. Ved jamlege møte med ulike tema fekk dei kompetanseheving og felles verdigrunnlag som dei igjen kunne dela med tilsette på si eining.

Dåverande einingsleiar i habilitering Nina Steinsbø Walquist var aktivt involvert frå start og gjennom heile prosessen. Dette var vesentleg for ein vellukka implementeringsprosess. I tillegg til eiga eining har dei delt kunnskapet til andre fagområde, som barnehage, skule, eldreomsorg, og heimebaserte tenester. I nyhende frå november 2022 kan du lesa om fagdagar om PAS.

Det er veldig stas at me blir teke med i ein så kjend rapport. På denne måten kan me også få formidla og dele dei gode arbeidsmetodane, seier Walquist. 

PAS som rammeverk kan gi resultat både på kort og lang sikt, og blir sett i eit livsløpsperspektiv.

.