Fagdagen vart haldt både tysdag og onsdag for å få med flest mogleg. Tysdag var det stort sett deltakarar frå eining frå habilitering, men det var også nokre frå barneskulane, barnehage, vidaregåande skule og Fitjar kommune. Onsdag 23. november var også fleire frå ulike barnehagar, skular, vidaregåande skule, heimebaserte tenester og sjukeheimen.  

Positiv adferdsstøtte (PAS) er eit rammeverk som rustar opp støttepersonar, det vil seie tenesteytarar, pårørende og leiarar, med kunnskap, haldningar og ferdigheiter på ein positiv, respektfull og effektiv måte. Systemfokuset inneber at ein ikkje berre ser på personen, men like mykje på systemet rundt.

God delingskultur

Med midlar får helsedirektoratet har me hatt Kristine Sætrevik i ei 50 % prosjektstilling i eitt år, for å implementera kunnskapen i eining for habilitering. Men sidan PAS kan nyttast på fleire området så ville me dela kunnskapen med så mange einingar som mogleg, seier einingsleiar Nina Steinsbø Walquist.

Fleire i Stord kommune har teke vidareutdanning i PAS. Vidareutdanninga går på førebygging og handtering av atferd som utfordrar hos personar med utviklingshemming. Blant dei er prosjektleiar og vernepleiar, Kristine Sætrevik. Vernepleiar Lene Halvorsen er snart er ferdig med studiet, som VID tilbyr. 

No har alle tilsette i eining for habilitering fått innføring i PAS, både miljøterapeutar og fagarbeidarar. I heile haust har eg og Lene hatt grupper på tvers av avdelingar, og desse fagdaganen vert avsluttande del i opplæringa, seier Sætrevik.  

Det er Ulf Berge frå VID vitenskapelige høgskole som held føredrag desse to fagdagane.

PAS bles over Noreg no, det er ganske mange kommunar som implementerer PAS no, og det er nok fordi mange kjenner seg att i det - det å ha ein positiv måte å møta folk på. Me deler alt som vert laga av filmar og informasjon til alle som er har implementert PAS, seier Berge. 

Stord kommune er komen langt i dette arbeidet med å implementere kunnskapen i organisasjonen. Her brukar dei kunnskapen så breitt spekter - i frå barnehage til sjukeheim, så eg brukar Stord kommune som eksempel når eg held føredrag om PAS.

 Dette var programmet for onsdagen: 

  • Bevegelsar vekk frå medisinsk tankegods
    • Kva er Positiv atferdsstøtte (PAS)
  • Det gode liv?
  • Atferd som utfordrar
  • Funksjonell analyse (oppgåve)