Om lag  50 personar, dei fleste seniorar, møtte fram til folkehelseforum med tema Korleis bu godt heile livet i Stord? Arrangementet var ein del av medverknadsprosessen til ny kommuneplan-arealdel. Arrangør var arbeidsgruppa for aldersvennleg samfunn i Stord kommune.

Varaordførar Nancy Aasheim ønska velkommen. Ho peika på at bustadutvikling er eit viktig tema som opptek politikarane, og at kommuneplanen er eit sentralt verktøy i utviklinga av Stord-samfunnet. Ein god plan krev at innbyggarane er involverte i arbeidet.

Aina Tjosås frå ABO Plan og Arkitektur heldt eit innlegg om kvifor tema bustad er viktig og løfta mellom anna fram følgjande:

  • Det er viktig med ein god kommuneplan som faktisk hjelper og gir handlingsrom til politikarane
  • Store endringar i samfunnet rundt klima/miljø og demografi fører til at me må tenka annleis. Dette må løysast i kommunane.
  • Me må spara areal for å bevara natur, og må difor bygga tettare.
  • Me lever lenger, det blir færre unge og mange bur åleine. Dette gir behov for andre typar bustader enn det me har mest av i dag.
  • Folk vil bu der dei bur, ikkje alle vil til Leirvik. Ikkje alle kan flytte i omsorgsbustad og ikkje alle treng eiga eigen bustad.
  • Ulike liv betyr at behov må løysast på ulike måtar 
  • Innbyggjarane, kommunen, bustadutviklarane og overordna mynde må løyse saker saman. Det må brukast vett og sunn fornuft. 

 

Ove Sagenes og Gudny Kydland frå Eiendomsmegler Vest fortalde om bustadmarknaden på Stord og kva dei opplever at eldre etterspør:

  • Eldre ønskjer å bu sentralt, nær butikk, bustad på eitt plan, vedlikehaldsfritt (sameige/burettslag), tilgjengeleg (heis dersom fleire etasjar), nær offentleg transport og turområder. 
  • Det er mest tilgjengelege bustader i sentrum av Leirvik, men og nokre andre stader. 
  • Det er få nye prosjekt, ein må difor kjøpa brukte bustader. 
  • Det er for tida stor pågang etter tilrettelagte omsorgsbustader men lite til sals. Det er og stor etterspurnad etter einebustader, men marknaden er litt avventande pga. kostnadsendringane i samfunnet. 
  • Dersom ein eig bustad og ønskjer ein annan meir lettstelt bustad, bør ein først sjekka ut kva verdi dagens bustad har.

 

Etter innlegga var det kaffi og drøs rundt tema bustad og korleis ein ønskjer å bu i eldre år. Innspel vart noterte ned og vert tekne med i vidare arbeid med planen. Her følgjer eit samandrag av innspela:

Det er ønskje om 

  • Små einebustadar eller rekkjehus, gjerne organisert i tun, med eigen inngang og privat uteplass. 
  • Ulike og/eller fleksible bustadtypar samla, som kan fungere i ulike livsfasar. 
  • Eit sosialt bumiljø med blanding av unge og eldre. 
  • Gjerne fortetting i etablert bustadområde, men viktig med lys, luft og natur rundt bustaden. 
  • Bustaden bør vere romsleg med minst to soverom, trappefri tilkomst og alle funksjonar på eitt plan. 
  • Det bør vere fellesrom for aktivitetar og sosialt samvere, og tilgang til husrom for gjester.
  • Ute er det ønskje om både privat hageflekk/terrasse og fellesområde + gjesteparkering.
  • Bustaden bør ha nærleik til daglegvarebutikk og turområde, og gode kollektive transporttilbod. 
  • Viktig at det er enkelt å bruka helsetenester, organiserte møteplassar og kulturtilbod.
  • Det må etablerast aldersvennlege bustader i alle område i kommunen, då folk ønskjer å bu i nærmiljøet sitt heile livet. 
  • Både sjølveige, burettslag og leige er aktuelle buformer. 
  • Viktig at leigeavtalar er trygge og føreseielege.

 

Innlegg til Aina Tjosås frå ABO Plan og Arkitektur i pdf

Innlegg til Ove Sagenes og Gudny Kydland frå Eiendomsmegler Vest i pdf