I medhald av §12-14 i plan- og bygningslova, og delegert mynde, vedtok utval for byutvikling (BUT)  i møte 15.05.25 å leggja oppheving av reguleringsplan R104A00 – Sagvåg del II, Mosahaugen til offentleg ettersyn. Lenke til planen: R104A00 (velg vidare fane plandokument for å sjå reguleringsplan med føresegner, og fane planbehandling for varslingsdokument).

Målet med opphevinga er å gi eit betre plangrunnlag for eigedommane i tråd med dagens situasjon og planlovverk. Når ein reguleringsplan blir oppheva, er det kommuneplanen sin arealdel som vil vera førande for ny utbygging i området. Nye byggetiltak vil bli handsama etter kommuneplanen, eventuelt gjennom ny regulering der dette blir kravd. Endringa påverkar berre nye byggetiltak, ikkje tiltak som allereie er godkjende. Oppheving av reguleringsplan har ingen innverknad på eigartilhøve, eigedomsgrenser eller tinglyste rettar.

Grunneigar og naboar til planane frå brev om høyringa. Det vil ikkje bli gjort vedtak om oppheving av reguleringsplanar før kommuneplanen sin arealdel er vedtatt.


Korleis gi merknad

Moglege fråsegner / merknader til planen skal sendast innan 04.07.2025 til: 

Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord 

Eller på e-post: post@stord.kommune.no 

Det er viktig å merka fråsegna/merknaden med plan-nummer R104A00 og saksnr. 2025/447