Tilgong og brukarkontroll

  • Einingsleiar er ansvarleg for at medarbeidarerane har lest informasjonstryggleikshandboka og IT reglementet og skriv under desse.
  • Einingsleiar har ansvar for å melda inn nye brukarar til systema og melda desse ut når dei sluttar. Meldingane skal sendast til IKT-eininga på eigne skjema. Skjema for innmelding, utmelding og endring ligg i helpdesken: http://helpdesk.
  • Einingsleiar er ansvarleg for at medarbeidarane har tilgong til systema dei har tenesteleg behov for.
  • Einingsleiar er ansvarleg for at medarbeidarane sine tilgongar i system og program er begrensa til det dei har tenesteleg behov for.
  • Einingsleiar skal sørga for at medarbeidarane sine tilgongar til system og data opphøyrer når tilsetjingsforholdet opphøyrer.

Sensitive opplysingar

Einingsleiar er ansvarleg for å sikra at medarbeidarane er kjend med og følger rutinar for kommunikasjon av sensitive personopplysingar og andre sensitive opplysingar i fagsystema.

Bruk og kjøpa av IKT utstyr og programvare/lisensar

Alt IKT-utstyr skal kjøpast gjennom IKT-eininga. Berre utstyr som er godkjend av IKT-eininga skal koplast til nettverket, jf. IT instruks Stord kommune. Denne finn du i Compilo.

Opplæring av tilsette

  1. Einingsleiar er ansvarleg for at tilsette gjennomgår nytilsettopplæringa, kjenner til og les informasjonstryggleikshandboka og andre retningsliner og rutinar.
  2. Einingsleiar er ansvarleg for at den tilsette får tilstrekkeleg opplæring i dei fagsystema som skal brukast.

Når tilsett sluttar

Einingsleiar er ansvarleg for å melda ut tilsett som databrukar. Dette skal gjerast ved bruk av utmeldingsskjema som ligg i IKT brukarstøtte. Skjemaet skal nyttast både ved sluttmelding av databrukar og når databrukarar skal ut i lagvarig permisjon.

Einingsleiar er også ansvarleg for innsamling av nøklar og ID-kort.

Avvik

Einingsleiar har ansvar for at alle i verksemda kjenner til korleis avvik skal registrerast i Stord kommune sitt avvikssystem, Compilo. Dette skal gjerast med ein gong etter at avviket er oppdaga. Einingsleiar har ansvar for å iverksetja tiltak og vurdera rutinane som resultat av avvikshandsaminga.

Nedanfor kan du sjå korleis du melder avvik i Compilo: