Klubben har som føremål å fremja eit godt sosialt miljø blant alle tilsette i Stord kommune, m.a. ved å opparbeida felles interesser for fritidssysler som idrett, friluftsliv og andre sosiale tiltak.

Føl oss på Facebook her 

Medlemsskap

Alle tilsette i Stord kommune har rett til å vera medlem i Velferdsklubben. I klubben har alle medlemmer same rettar, uansett stilling. Pensjonistar kan framleis vera medlemmer ved å betala kontingent.

Medlemsskapet er friviljug. Inn og utmelding skal skje skriftleg.

NB! Fleire pensjonistar som har jobba i Stord kommune er og med hos oss. Ved å betala kontingent er dei fullverdige medlemmar med same rettar som alle andre.

Kontingent og innmelding

Årskontingent er frå 2022 kroner 360 pr. år, som vert trekt frå løn med 30,- pr. mnd. 

Vil du verta medlem?
Send mail til Elin.Mariboe@stord.kommune.no med namn og tilsettnummer.

Styret

Leiar: Espen Lamo, Stord kommunale eigedom, tlf 975 52 047
Nestleiar: Hilde Susann Aadland, Fagavdeling rehabilitering, helse og omsorg, tlf. 952 73 768
Kasserar/medlem.reg: Elin Mariboe, Bibliotek, tlf. 53 49 69 73
Skrivar: Knut Bartnes, Fellestenester, tlf. 966 23 880

Styremedlemmer:
Tore Hatlevik, Kulturtenester, tlf. 982 69 900
Tori Stokke Mæhle, Tjødnalio skule, tlf. 990 08 815
Øyvind Spissøy, Stord kommunale eigedom, tlf. 997 25 052
Yngve Kannelønning, Stord kommunalteknikk, tlf 920 95 046
Tor-Johnny Agledal, Eining for habilitering, tlf 936 79 980
Touqa Ahmad Saheb, Stord sjukeheim

Velferdstilbod

Rammeavtale Monter
Avtalen gjeld for Monter butikkane i heile landet og ikkje berre her på Stord.
Dei har over 6000 ulike varer i sortimentet.
Rabattane vil variera frå produkt til produkt då dei har ulik avanse på varene sine.
Gjeld ikkje på kampanjevare/alt rabatterte prisar.
Avtalen er den same som mellom anna dei tilsette på Aker har.
 


Behandling NEMUS Stord

Stord Ve og vel har behandlingsavtale med Nemus Stord.  

Kiropraktor Pris
Førstegongskonsultasjon kr 590 (720)
Behandling kr 420 (490)
   
Fysioterapeut Pris
Førstegongskonsultasjon kr 590 (720)
Behandling kr 420 (490)
   
Massasjeterapeut Pris
Behandling enkel (25 min massaje) kr 510 (580)
Behandeling dobbel (50 min massasje) kr 750 (1050)
Behandling trippel (75 min massasje) kr 990 (1140)

Dette gjeld kun medlemmane i Stord Ve og vel, og ikkje alle tilsette i Stord kommune.

For spørsmål, ta kontakt med Espen Lamo, mob. 975 52 047

 

Brilleriet Stord og Brilleriet Heiane

(priser per mai 2021)

Synsprøve 790,00 (eig. 990,00)
15 % på brilleinnfatningar og solbriller

Utleige av diverse utstyr

Medlemmane kan leiga diverse utstyr som tilhengar, båthengjar, vedkløyvar, straumaggregat etc. Oversiktslister skal henga som oppslag på dei ulike arbeidsstadane.

Utleigelista med prisar finn du her

Hytter

  • Leilegheiter i Røldal
    Stord Ve og Vel eig tre leilegheiter, to store og ei lita, ved Røldal Terasse. Dei  store (69 m2) er identiske berre speglvende, og har 8 sengeplassar kvar. Den vetle er 28 m2, men godt utnytta arealmessig og har 3-5 sengeplassar. Her er velutstyrte kjøken og i kjellaren finn du garasje med bod. Leilegheitene ligg ved Røldal skisenter. 
    To skikort følgjer med dei store leilegheitene og eit med den vetle.

    For meir info og bilete sjå: Informasjonsskriv om leilegheitene i Røldal eller kontakt Hilde Susann H. Aadland på telefon 95 27 37 68 eller mail haa@stord.kommune.no 

    Søk om å leige leilegheitane i Røldal (Det er berre mogleg å søkja innan gitte søknadsfristar, gjeld vintersesong) 

 

  • Husøya, helge- og vekeopphald
    Husøya ligg i innseglinga til Leirvik hamn og eit steinkast frå "Leirvik sveis". Hytta ligg lunt til på austsida av øya og her er fint å bada. Hytta er utstyrt med straum, toalett, innlagd vatn og avlaup, Tv og kjøleskåp. Det er dyner og bestikk. 
    Dette er eit flott tilbod som me håpar medlemmane gjer seg nytte av. Velferdsklubben disponerer båt til utleige, denne kan òg leigast separat. Det er flott betongkai ved hytta.

    Namnet på øya kjem truleg av at det ein gong har stått eit hus der. Kva tid det var og kven som budde der veit ein ikkje. Øya tilhøyrde opphavleg Hystadgarden. I 1919 kjøpte skipsreiar og fabrikkeigar Mons Isaksen Aslaksvik Husøya. I 1934 vart øya seld til ingeniør Steien. Året etter kjøpte kaptein Høviskeland som budde på Hystad, Husøya. Det var familien Høviskeland som bygde hytta som no er restaurert.

    Kommunen overtok øya 9/2-1973 og sjøspeidarane fekk nytta hytta mot å halda ho i stand. No er det Velferdsklubben som disponerer hytta. Det vart lagt ned mykje godt dugnadsarbeid før ho var ferdig for utleige frå juli -2000. I 2015-17 vart taket skifta, ny landgang er kome til og det er gjort fleire andre oppgraderingar.

    Pris for eit døger er 500,-  deretter 250,- pr døger.  Ein kan leiga makismalt 1 veke samanhengande. Leiga vert trekt i løn. Det er ikkje lov med framleige. Søk om å leige Husøya her

    Kontakt: Stord kommune Ve og Vel v/ Espen Lamo 975 52 047

Bilete av hyttene finn du på facebooksida til Ve og Vel øvst på sida.

Ferietilskot

Til sommar- og julaferien trekkjer me ut premiar i form av gåvekort, mat, kinobillettar eller andre høvelege ting. Her er alle som er medlem med i trekninga. Om ein vinn vert det sett karantene på 2 trekningar slik at sjansane vert større for dei som ikkje har vunne før.

Trimrom i rådhuskjellaren

Ve og Vel har utstyrt eit trimrom i rådhuskjellaren. Dette bør du prøva! Etter stengetid kan du låna nøkkel i opningstidene til Stord kulturhus. Hengelås på bomberomsdøra mot Esso.

Andre aktivtetar

Det vert arrangert ulike aktivitetar i løpet av året bowling, leirdueskyting, dugnad, kommunefest med revy m.m.