Melding vert sendt på SMS til mobiltelefon og som talemelding på fasttelefon. For å nå ut til alle kundar, er det viktig at kvar kunde er registrert med riktig telefonnummer.

Privatkunde

Viss me ikkje har fått varsla deg, skuldas det at varslingssystemet vårt ikkje har funne deg. Registeret er i utgangspunktet basert på informasjon frå Folkeregisteret, tele- og mobiloperatørar og Matrikkelen.

Kva kan du gjera?

  • Sjekk oppføringa di i 1881.
  • Hugs å melda frå til Folkeregisteret når du flyttar. Varslingssystemet vårt hentar opplysningar frå Folkeregisteret.
  • Registrer deg i tilleggsregisteret www.servicevarsling.no dersom du har telefonen registrert på arbeidsgivar eller har reservert deg mot nummeropplysing (hemmelig telefonnummer).

Sårbare abonnentar/bedrifter

Ein sårbar abonnent er når ein er særskild sårbar for brot i vassforsyninga.

Døme på sårbare abonnentar:

  • Sjukehus og medisinske senter
  • Legar og tannlegar
  • Frisørar
  • Barnehagar og skular
  • Næringsmiddelprodusentar
  • Resturantar og kafear
  • Hotel
  • Private verksemder som til dels Kværner Stord, Apply Leirvik og Høgskulen.

Er du oppført med rett adresse og telefonnummer i ulike bedriftsregister og i Brønnøysundregisteret?

Vårt system hentar informasjon frå mange typar register, men er avhengig av at denne informasjonen er oppdatert. Registeret er i utgangspunktet basert på informasjon frå Brønnøysundregisteret (Enhetsregisteret), Postens adresseregister, tele- og mobiloperatørar og Matrikkelen.

Varsling av sårbare abonnentar

Stord kommunalteknikk har eit tilleggsregister berekna for varsling av sårbare abonnentar. Registeret er tiltenkt nøkkelpersoner i verksemder. Dette kan vera styrer, driftsansvarlege eller andre som vil ha varsling om brot i vassforsyninga.

Løysing:

Registrer verksemda di i tilleggsregisteret som du finn på nettsida www.servicevarsling.no. Hugs å leggja inn organisasjonsnummer.