I dag har det vore mange skumle born å sjå på skulen. Både 2. trinn og SFO har markert Halloween ved at elevane hadde kostyme på seg i skuletida.

2.trinn hadde samling og fekk sjå at lærarane plutseleg forvandla seg til hekser og framførte ei forteljing som var sånn passe skummel.

På SFO var det mange kjekke aktivitetar borna kunne vera med på, som ansiktsmaling, Halloween-løype i gymsalen, perling, teikning og frileik, og eit fantastisk koldtbord med skumle godsaker. Dei tilsette på SFO har gjort ein kjempejobb for å laga fest for borna. Det passa fint at me fekk med oss ekstra hjelp frå undomsskulen denne dagen. Tre elevar som har innsats for andre i valfag, og i tillegg til dei hadde me leigt inn nokre av fadrane frå 6.trinn. Tusen takk for hjelpa!