Det vart vedteke at den nye skulen skulle leggja stor vekt på musiske verdiar. I 1996/97 vart småskulen utvida til å kunna ta imot to parallellar.

I 1998/99 fekk me eit garderobebygg til 2. klassane. Me er no ferdige med 5. utbyggjinga og har fått plass til klassane på mellomtrinnet. I det siste nybygget ligg også musikkrom og kunst og handverk-avdelinga.

Me har no fått ein funksjonell og moderne skule.