FAU

Arbeidsutvalet 2023-2024:

Leiar: 

Nestleiar: 

Skrivar: Kristine Vikanes

Til SU: 

Til Skulemiljøutvalet : 

Opplæringslova § 11-4.Foreldreråd ved grunnskular

På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Skulemiljøutvalet 2023-2024

Leiarteam

Frå elevrådet: 
Frå FAU:    
Frå andre tilsette: Britt Iren Stokken
Skrivar: Kristine Vikanes              

Politikarkontakt:  Kjetil Eldøy   Vara: Mai Britt Hellesund
                                        

Opplæringslova § 11-1a. Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 105 (i kraft 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).

LOKALE SAKER
Aktuelle saker for skulemiljøutvalet kan vera:
- Ordensreglane
- Dei delane av handlingsplanane som omhandlar elevane
- Elevundersøkingane
- Barn og digitale medier
- Skulen sin sos.-ped plan
- Mobbeproblematikk
- Aktivitetar i midttimar
- Ulike miljøkartleggingar m.m.

Samarbeidsutvalet

Leiar
Nestleiar: 
Skrivar: Kristine Vikanes 
Frå FAU: 
Frå elevrådet: 
Frå lærarane: 
Frå andre tilsette: 
Frå komite for oppvekst og utdanning:  
Vara frå komite for oppvekst og utdanning: 

Opplæringslova § 11-1.Samarbeidsutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter § 11 og § 20 nr. 4 i kommunelova. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer.

Aktuelle saker

Vedtakssaker:
- Budsjett
- Handlingsplanar
- Andre pedagogiske planar som: plan for tilpassa opplæring, leseutvikling m.m.
- Ymse høyringar som: Skulebruksplan, trafikksikringsplan m.m.
- Årsrapport m.m.

Elevrådet 2023-2024

Leiar:       

Skrivar: 

SU-repr: 
Skulemiljøutvalet: 

2. trinnet: Emma Olivia Sætre og Åsmund Birkelund. Vara:  Madikken Solheim og Snorre Monsen

3. trinnet: Jenny Almås og Aurko Bhattacharya. Vara: Linnea Haukefær og Oliwia Hrywka

4. trinnet: Hermine Hellesund og Lasse Monsen. Vara: Fredrikke Granberg og Martin Strauss

5. trinnet: Melina Risnes og Andreas Risnes. Vara: Evelynn Myhre og Tino Scholz-Risnes

6. trinnet: Ella Skjærvold og Oskar Monsen. Vara: Inger Almås og Brayan Hansen.

7. trinnet: Lucas Kartveit og Nela Pawlowska. Vara: Naomi Almås og Daria Baluta

Opplæringslova § 11-2. Elevråd ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

Endra med lover 27 juni 2003 nr. 69 (i kraft 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 105 (i kraft 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).