Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Viktig informasjon

Korona   Koronavirus illustrasjon                Ukraina og Stord   Ukrainsk flagg

A A A

Skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope eller lukka arrangement)

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Tenesteomtale

Det er forbode å drikka eller servera alkohol med mindre det føreligg løyve til dette, sjølv om det skjer utan vederlag, på slike stader:

  1. i lokale med serveringsløyve,
  2. i lokale som til vanleg er tilgjengeleg for ålmenta,
  3. i forsamlingslokale eller andre felleslokale,
  4. på anna stad der offentlege møte, festar, utstillingar eller andre tilskipingar finn stad,
  5. på gate, torg, veg, i park eller på annan offentleg plass,
  6. på skip, fly, tog, buss eller annan innanriks transportmiddel for ålmenta.

Det kan søkast om skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope arrangement) og ambulerande skjenkeløyve (lukka lag).

Arrangement som ikkje oppfyller lova sine vilkår til lukka lag (ambulerande skjenkeløyve), vil til dømes vera:

  • Vanlege medlemsmøte i eit lag eller ei foreining
  • Samkome for idrettslag, klubbar, organisasjonar e.l.
  • Studentfestar, russearrangement e.l.
  • Kundekveldar, mat- og vin-kurs, kunstutstillingar, VIP-arrangement
  • Arrangement som har avgrensa tilgang – med t.d. påmelding, men kor det ikkje føreligg ei naudsynt tilknyting til den/dei som inviterer

Ta kontakt dersom du ynskjer rettleiing: 53496600.

Målgruppe

For deg som ynskjer å skipa eit ope arrangement eller lukka lag med skjenking eller servering av alkoholhaldig drikk utan fast løyve til dette.

Kriterium/vilkår

Det er ulike vilkår knytt til skjenkeløyve for for eitt enkelthøve (ope arrangement) og ambulerande skjenkeløyve (lukka lag).

Vilkår for skjenkløyve for eitt enkelthøve/del av året:

a) Søkar må vera over 20 år.

b) Det skal utpeikast ein styrar og reservestyrar for skjenkeløyvet og desse må vera over 20 år.

c) Det kan bli stilt vilkår om bestått kunnskapsprøve og innhenta vandeluttale for styrar og reservestyrar.

d) Lokalet/uteområdet må godkjennast for føremålet som går fram av søknaden.

e) Det skal leggjast fram godkjenning frå grunneigar/huseigar/utleigar.

f) Det kan bli sett vilkår om innmelding av omsett mengd alkohol til kommunen innan 3 veker etter arrangementet er gjennomført. Ved omsetnad som overstig minimumsgebyret, kjem det eit tilleggsgebyr etter fastsett årleg sats.

g) Vilkår og retningsliner som vert pålagt av andre mynde eller som går fram av Arrangementshandboka skal følgjast og vera innfridd innan vedtak om løyve.

h) For mindre arrangement kan kommunen gjera unntak frå internkontrollplikta når det vert vurdert urimeleg på bakgrunn av administrative/økonomiske omsyn og staden sin storleik.

i) Om styrar og reservestyrar har kunnskapsprøven, gjev skjenkeløyvet rett til innkjøp engros.

j) Når arrangement med alkoholservering skal finna stad, må lokalet/fellesområde vera stengt for barn og ungdom 1 time før og etter arrangementet.

k) Det kan bli sett vilkår om vakthald for å hindra at barn/ungdom får tilgang til skjenkeareal. Dette vil gå fram i vedtak om løyve.

For opne arrangement med skjenkeløyve for alkoholgruppe 1 og 2 må det vera 18 års aldersgrense.

For opne arrangement med skjenkeløyve for alkoholgruppe 3 må det vera 20 års aldersgrense.

Vilkår for ambulerande skjenkeløyve til lukka lag for eitt enkelthøve:

Med lukka lag vert det meint: At det alt innan skjenkinga byrjar, er samla ein krets av personer for eit bestemt føremål i eit bestemt lokale, til dømes bryllaup, konfirmasjon, jubileum m.m.

Deltakarane må ha ei eller anna tilknyting til den eller dei som inviterer til selskapet. Det er ikkje nok at ein før skjenkinga byrjar skriv seg på ei liste eller kjøper billettar. Det har inga betyding om talet på gjester er avgrensa, eller at arrangementet i innbydinga eller i ei annonse er omskrive som «lukka selskap/lag».

Med mindre èin eller fleire av følgjande føresetnader er til stade vil det ikkje vera naudsynt å søke om skjenkeløyve om ein skal ein arrangera eit lukka lag:

a) Ein leiger lokale som inkluderer èin eller fleire tenester frå utleigar t.d. vasking og servering.

b) Ein tek betaling for alkohol.

c) Lokalet der arrangementet skal haldast, har serveringsløyve.

For meir informasjon, sjå alkoholpolitiske retningsliner for Stord kommune for 2020-2024

Pris for tenesta

Minimumssatsen og gebyrsatsen per liter alkohol vert justert årleg, og samsvarer til ein kvar tid med gjeldande satsar i alkoholforskrifta § 6-2.

Kommunestyret vedtok 20.12.2021 følgjande gebyrsatsar for skjenkeløyve for eitt enkelthøve (ope arrangement):

  • For inntil 100 personar: kr 600,-
  • For 100-200 personar: kr 1500,-
  • Over 200 personar: kr 3000,-

Det kan gis løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 for eitt enkelthøve. Med uttrykket «eitt enkelthøve» blir det her meint eingongsarrangement, dvs. arrangement som ikkje blir skipa regelmessig fleire gongar årleg.

Samarbeidspartnarar

I Stord kommune er det NoRoSun Skjenke- og Salskontroll som gjennomfører kontroll av sal- og skjenkeløyve. Dette er eit vertskommunesamarbeid der Sauda kommune er vertskommune.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

De finn elektronisk søknadskjema her

Sakshandsaminga av søknader etter alkohollova vil nødvendigvis ta tid etter som fleire høyringsinstansar skal uttala seg før endeleg avgjerd kan takast.

Søknadfrist for skjenkeløyve er:

  • Faste sals- og skjenkeløyve / Skjenkeløyve for ein bestemt del av året - Inntil 4 mnd.
  • Utvida skjenkeløyve for eitt enkelt bestemt høve - 2 veker
  • Utvida skjenkeløyve til innføring/produksjon/skjenking - 4 veker
  • Utvida salsløyve til innføring/produksjon/sal - 4 veker
  • Skjenkeløyve for eitt enkelthøve - 4 veker
  • Ambulerande skjenkeløyve til lukka lag for eitt enkelthøve - 2 veker

Saksbehandling

For større opne arrangement kan det bli innhenta vandel/uttale frå politiet for løyvehavar, skjenkestyrar og reserveskjenkestyrar. Det kan også i slike høve bli stilt krav om kunnskapsprøve i alkohollova.

De får skriftleg melding om vedtaket.

Vedtaket kan påklagast.

Kontakt

Telefon: 53496600
Avdeling: Fellestenester

Tenesta oppdatert: 21.04.2022 14:57