Les om leksehjelp på Tjødnalio skule

Stortinget  har vedteke å flytta leksehjelpa frå 1-4. trinna til 5-7. trinna. Leksehjelpa er 2 timar i veka pr. klasse.
Det er assistentar som har ansvaret for leksehjelpa.
Normen er 1 assistent pr. 28 elevar.
Me prøver å setja inn 2 assistentar.
Det er verd å merka seg at leksehjelpa ikkje er eit pedagogisk tilbod.
Det er framleis foreldra som har hovudansvaret. Skulen skal hjelpa til.
For elevar som er motiverte for å vera på leksehjelp, kan det likevel vera eit godt tilbod for mange i ein travel kvardag.

Organisering

Måndag, 7. trinn

  • 13.15-13.25    Pause
  • 13.25-14.25    Leksehjelp (elevane får tidlegast gå 14.15)
  • 14.20               Buss frå hovudvegen mot Leirvik

Tysdag, 5. og 6. trinn 

  • 13.10-13.20    Pause
  • 13.20-14.20    Leksehjelp (elevane får tidlegast gå 14.10)
  • 14.20               Buss frå hovudvegen mot Leirvik

Onsdag, 7. trinn

  • 14.00-14.10    Pause
  • 14.10-15.10    Leksehjelp (elevane får tidlegast gå 15.00)
  • 14.58/15.23    Buss frå hovudvegen mot Leirvik

Torsdag, 5. og 6. trinn

  • 14.00-14.10    Pause
  • 14.10-15.10    Leksehjelp (elevane får tidlegast gå 15.00)
  • 14.58/15.23    Buss frå hovudvegen mot Leirvik

God niste

Det er lurt at borna har med seg litt ekstra frukt når dei har leksedag.

Innhaldet i leksehjelpa

Av internasjonal forsking går det fram at lekser gir læringsutbyte når dei er i moderat omfang, gjerne tilpassa eleven, er innan område som er kjende for eleven, og gjennomgått på førehand på trinnet.
Leksene skal ikkje vera for vanskelege. Elevane skal oppleva meistring.
I leksehjelptida bør det difor vera fokus på mengdetrening og fordjuping i kjend stoff.
Dersom borna vert ferdige med leksene før leksehjelptida er ute, kan dei arbeida med andre læringsaktivitetar.

Reglar for leksehjelp

  • Alle elevane møter i kroken
  • Leksehjelpansvarleg presiserer reglane for leksehjelp i kroken
    • Alle skal sitja på sine plassar når dei jobbar (ingen vandring)
    • Alle skal jobba stille
    • Dersom elevane skal samarbeida, skal det gjerast med kviskrestemmer
    • Dersom ein treng hjelp, rekk ein opp handa
  • Den som har leksehjelp avgjer kven som kan sitja saman – dette avheng av om elevane viser at dei klarer å jobba eller ikkje
    • Lærarane på trinnet kan også gi beskjed om elevar som bør sitja frå kvarandre
  • Elevar som deltar på leksehjelp må vera der heile tida
    • Eleven må ha melding av føresette dersom han/ho må gå tidlegare
  • Alle skal ha med seg stillelesingsboks som dei kan lesa i mens dei ventar på hjelp/når dei er ferdige med arbeidet sitt.

Samarbeid med heimane om leksearbeidet

  • Leselekser bør følgjast opp heime.
  • Føresette bør sjå gjennom det skriftlege arbeidet som er gjort i leksehjelptida.
  • Dersom ein elev ikkje kan møta til lekshjelp, er det fint om kontaktlæraren får  melding om det.

Søk leksehjelp på Tjødnalio skule for skuleåret 2018/19

Alle felta merka med * MÅ fyllast ut. Dersom skjema er riktig utfylt, skal du få opp ei kvitteringsside når du har trykt på Send-knappen. Dersom dette ikkje skjer, må du sjekka om det er noko du har gløymt å fylla ut. Meld feil på skjema til nettsida@stord.kommune.no