Elevane har jobba i grupper på tvers av alle trinn. Dei ulike stasjonane dei har vore innom har vore song, faktagruppe, film, kunst og handverk, eventyr og matgruppe. 

Takk til alle heimane som har bidrege med eventyr og segner, og oppskrifter som elevane kunne samla i eit eige oppskriftshefte. Det er veldig kjekt og lærerikt både fagleg og sosialt å arbeida på denne måten. Resultatet er me veldig stolt av. 

Bileta viser ein del av arbeidet med dette tema.