1. Eigartilhøve
Stord kommune er ansvarleg for drifta av Stord kulturskule som er omfatta av desse vedtektene. Kulturskulen er administrativt knytt til rådmannen. Det daglege ansvaret for drifta er delegert til rektor/einingsleiar for kulturskulen.
Kulturskulen skal ha eit samarbeidsutval og eit foreldreråd. Kommunestyret skal velja kommunen sine representantar til samarbeidsutvalet.
Stord kulturskule skal ha ei driftsform og samansetjing av elevar og tilsette slik at ein sikrar god integrering.


2. Føremålet (Opplæringslova §13-6)
Stord kulturskule skal drivast i samsvar med til ei kvar tid gjeldande opplæringslov, plan for Stord kulturskule, Rammeplan for kulturskulen og elles kommunale vedtak som til ei kvar tid er gjeldande.


3. Opptak av elevar
Det er ei målsetting at Stord kulturskule skal drive effektivt og utnytte sine ressursar maksimalt. Det skal difor takast omsyn til å laga gruppeundervisning der det er mogeleg og naturleg.

Opptak av elevar skjer etter fylgjande reglement:
Elevane delast i 2 grupper:
1. Elevar som har plass og skal vidareføra tilbodet
2. Nye elevar

Gruppe 1: Elevar som har elevplass/vidareføring av tilbod
A.    Elevar som allereie har plass, beheld denne
B.    Elevar som flytter til Stord kommune frå annan kommune der dei har hatt plass i kulturskulen, skal prioriterast.
C.    Elevar som har hatt permisjon, skal prioriterast.
 
Gruppe 2: Nye elevar
A.    I hovudsak skal elevar prioriterast etter søkedato, den som har stått lengst på ventelista får plass fyrst. I enkelte høve kan ein avvike frå dette, det gjeld ved gruppeundervisning og av omsyn til timeplanlegging.
B.    Elevar som ikkje har tilbod i kulturskulen skal prioriterast fyrst. Elevar som har plass ved storgruppeundervisning stiller på lik line med elevar som ikkje har plass, ved søknad om plass på individuell/smågruppeundervisning.
Storgruppeundervisning er tilboda innan: dans, drama/teater, parkour, musikkleik og visuelle kunstfag.                                    
C.    Elevar med særskilde faglege behov, kan etter vurdering frå rektor, prioriterast plass.

4. Opptaksperiode og oppseiingsfrist
Det er mogleg å søkje om plass gjennom heile  skuleåret. Hovudopptaket av elevar vert gjort i overgangen mai/juni. Vert det ledige plassar i løp av skuleåret tek ein inn elevar fortløpande. Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema, det er å finna på Stord kommune si heimeside.
Oppseiingsfristar
Elevar må binda seg for minst eit halvt år. Innan 15. mai kvart år skal foreldre/føresette re-registrere sin avtale om elevplass. Informasjon om dette vil bli sendt ut i god tid før re-registreringa. Ynskjer eleven å slutte ved nyttår, skal det sendast skriftleg oppseiing (e-post) innan 1. desember. Elevar som slutter midt i eit semester må betale full elevavgift for gjeldande semester.

5. Skuleåret
Skuleåret går over 38 veker og fylgjer Stord kommune si skulerute med dei fridagar, plandagar og feriar som ligg der. Kulturskulen kan i enkelte høve legge om undervisninga, ved t.d. større oppsettingar og prosjekt.
Avlysing av undervisninga
Når lærarar er fråverande vil kulturskulen engasjere vikarar, av og til kan det vera vanskeleg på kort varsel og det kan bli naudsynt å avlyse timen. I slike høve skal kulturskulen varsle føresette, dette vert gjort ved utsending av sms. Føresette/kundar kan krevje refusjon i delar av elevavgifta om kulturskulen har avlyst undervisninga meir enn tre gangar i eit semester.
Oppmøte
Eleven forpliktar seg til å møte førebudd til undervisninga. Om eleven er borte meir enn 3 veker på rad og melding om dette ikkje er gitt til lærar, kan eleven miste plassen i kulturskulen. Elevane kan ikkje få att timar dei ikkje har møtt til. Elevar som har nytta rusmidlar eller av andre årsaker opptrer i strid med kva kulturskulen står for, kan bli utestengt frå undervisninga for kortare eller lengre tid. Ved utestenging frå undervisninga skal heimen ha ei skriftleg grunngjeving for utestenginga.
Permisjon
Det gis berre permisjon ved midlertidig flytting eller sjukdom.


6. Betalingsreglar
Elevavgifta vert sett av kommunestyret. Det er ulik pris om eleven har plass på individuell/smågruppeundervisning eller storgruppeundervisning. Oppdatert pris ligg på Stord kommune si heimeside. Det vert sendt ut faktura ein gong i semesteret.                         
Stord kulturskule har slik søsken/plassmoderasjonsordning:
•Barn/aktivitet 2: 20% moderasjon.
•Barn/aktivitet 3 og fleire: 40% moderasjon.

Ved langvarig sjukdom hos elev kan foreldre/føresette søkje om reduksjon i elevavgifta. Rektor gjer vedtak i saka etter ei samla vurdering av situasjonen. Vedtaket kan klagast, jamfør forvaltningslova.

Leige av instrument
Kulturskulen har tverrfløyter, fiolinar, celloar, saksofonar og kornettar til utleige, oppdatert pris ligg på Stord kommune si heimeside.
Undervisningsmateriell
Elevar/føresette må sjølv kjøpe naudsynt utstyr til den aktiviteten dei deltek i som t.d. notebøker/spillebøker, danseklede/sko, teikne og maleutstyr m.m.
Skade på utstyr/instrument
Dersom noko av skulen sitt utstyr/instrument vert skada, må ein straks gje melding til skulen sitt kontor. Dersom skaden skuldast aktlaus handsaming, må elevane sjølv betala reparasjonen. Dette gjeld både leigeinstrument og skulen sine andre instrument/utstyr.


7. Forsikring
Kommunen har ansvar- og ulukkeforsikring for alle elevar som er i barnehagealder og grunnskulealder. Forsikringsordninga gjeld ikkje elevar i vidaregåande skule.


8. Kulturskulen sitt samarbeidsutval, foreldreråd og elevråd
Kulturskulen skal ha samarbeidsutval, foreldreråd og elevråd.

Samarbeidsutvalet skal vera samansett slik:
To representantar frå foreldra
To representantar frå dei tilsette
Ein representant frå eigar
To representantar frå elevane
Det skal vera vararepresentantar for alle gruppene

Foreldreråd skal vera samansett slik :
Det skal veljast representantar frå foreldregruppa. Det skal veljast representantar frå alle fagområder.

Elevråd skal vera samansett slik:
Det skal veljast representantar frå elevane. Det skal veljast representantar frå alle fagområder, nedre aldersgrense er 6. trinn.