Vinmonopolutsalet på Stord er den niande verksemda i Stord kommune som får miljøfyrtårnsertifikat. Torsdag 2. august tok ordføraren turen innom verksemda for å overrekkja plaketten.
Det føreligg planar om å etablera universelt utforma busslommer i Leirvik sentrum. Dette har inspirert avgangselevane ved programfag Design og arkitektur ved Stord vidaregåande skule til å designa forslag til busskur.
Det har i ei tid gått rykter om at ungdomsmiljøet i Sagvåg og Litlabø skulle vera kjenneteikna av rus, hærverk og kriminelle handlingar. No viser ein rapport at dette ikkje er tilfelle.