Stord kommune har i år teke inn 14 nye lærlingar. Av desse er det ni på barne- og ungdomsarbeidarfag, to på helsefag, to på IKT-servicefag og ein på feiarfag.

Sjå stort bilde med namn på alle lærlingane

Lærlingane vil ha ei læretid på to år i Stord kommune, med unntak av feiarfaget som har ei læretid på tre år i  bedrift.

Fleire arbeidsplassar

Lærlingane i Barne- og ungdomsarbeidfaget vil ha arbeidplassen sin i barnehage det første året, medan dei skal jobba i grunnskulen andre året. For helsearbeidarane vert det først eit halvt år i helseinstitusjon (sjukeheimen eller Knutsaåsen), deretter eit halvt år i sosial institusjon (bustader), medan resten av læretida vil vera ved heimebaserte tenester.

IKT- lærlingane vil ha arbeidsplassen sin på Eining for IKT, men dei vil ofte vera å sjå ute på serviceoppdrag både i skulane og i andre kommunale einingar. Feiarlærlingen vil ha læretida si i  brannvesenet. 

Ynskjer personleg søknad

Stord kommune tek inn nye lærlingar kvar vår.

– Uavhengig av søknad via Vigo.no ynskjer me personleg søknad frå dei kandidatane som ynskjer læreplass hos oss, seier Siv Nesse som er ansvarleg for lærlingordninga i Stord kommune.

Tidlegare var det opplæringskontoret for kommunale fag som administrerte lærlingordninga for kommunane Stord, Tysnes og Fitjar. Etter at Opplæringskontoret vart lagt ned er det kommunane sjølv som administrerer ordninga.