Bildet: Frå pressekonferansen i Solidhuset der rapporten vart offentleggjort.

Rapporten Ung i Sagvåg og Litlabø er ei kartlegging utført av Stord kommune i samarbeid med Stord lensmannskontor. Tysdag 19. juni vart rapporten lagt fram på ein pressekonferanse i Solidhuset.

I følgje SLT-koordinator Terje Eriksen, er det ingen funn som stadfestar ein hypotese om at det skal vera eit negativt ungdomsmiljø i området.

Stolte av heimstaden sin

– Ungdommane omtaler tvert i mot heimstaden sin som eit trygt og roleg område å veksa opp i. Dei er stolte av heimstaden sin og formidlar at dei høyrer til her, fortel Eriksen.

Det er i følgje rapporten likevel eit ynskje om at miljøet vert meir attraktivt og levande. Ungdommen ynskjer også meir variasjon i fritidstilboda, med fleire aktivitetar.

Fleirtalet av elevane ved Nysæter ungdomsskule rapporterer at dei trivst godt i nærmiljøet og på skulen. Det er likevel ei mindre gruppe som skil seg ut ved å rapportera meir negativt på spørsmål om trivsel.

Vil negative haldningar til livs

Mange av ungdommane melder om at dei opplever negative haldningar og fordommar knytt til rus og kriminalitet. Dette vil dei til livs, og føreslår fleire tiltak for å korrigera denne oppfatninga.

Rapporten avsluttar med forslag til fleire føreslåtte tiltak for mellom anna å korrigera negative oppfatningar om området, styrka ungdommen sin områdeidentitet, styrka kulturtilbodet, skapa nye møteplassar og sikra oppfølging av ungdom som skårar lågt på trivsel. 

Følgjande personar har delteke i kartlegginga:

Terje Eriksen, SLT-koordinator, Stord kommmune
Thomas Mikkelsen, Prosjekt aktiv fritid, Stord kommune
Cecilie Berger, Utekontakten, Stord kommune
John Henrik Staveland-Sæter, Utekontakten, Stord kommune
Jostein Bertin Øgård, Utekontakten, Stord kommune
Guri Refvik, Psykisk helsearbeidar, Stord kommune
Nils Blikra, Stord lensmannskontor
Tove Agdestein, Folkehelsekoordinator, Stord kommune

Les rapporten