Det har i ei tid gått rykter om at ungdomsmiljøet i Sagvåg og Litlabø skulle vera kjenneteikna av rus, hærverk og kriminelle handlingar. No viser ein rapport at dette ikkje er tilfelle.
I tidsrommet 16-24. mai hadde Stord kommune besøk av den nye ordføraren i venskapskommunen San Juan Comalapa i Guatemala. Han kom saman med ein representant frå kvinnekontoret i kommunen.
Måndag 14. mai var det offisiell opning av ny gapahuk på Lundastøl med kaffikoking, kaker og bollar. Ordførar Liv Kari Eskeland var invitert til å føreta den offisielle opninga med brakasaks.
Stine Sofies Stiftelse syklar Noreg på langs for ein barndom utan vald. 22. mai klokka 20 kjem dei til Sagvåg skule. Møt opp og få med deg fleire interessante føredrag.
Onsdag 18. april fekk Stord vidaregåande skule beviset på at verksemda er miljøsertifisert. I samband med nyopning av kantina på Vabakken kom varaordførar Leif Steinar Alvsvåg på vitjing for å overrekkja Miljøfyrtårnplaketten.