Utsegna kom frå Stord kommune sin utsende, Håkon Frode Særsten då han fylte tallerken for andre gong under matøkta på generalforsamlinga som vart halden i Fjellheim nyleg.

I god tradisjon vart aksjonærane etter den formelle seansen med rekneskap og årsmelding, servert dugnadsprodusert og særs velsmakande betasuppe, kaker og kaffi.

Fin oppsving

Fjerde heile driftsåret for den folkeeigde Huglabutikken AS (2011), kunne gjerast opp med overskot på vel 62.000 kroner. Ein fin oppsving etter oppstartår med mindre driftsunderskot.

Det vanka mange godord til dagleg leiar Wenche Taranger for solid styring av butikken. Ros også til det aktive styret som vekslar på å stilla på dugnad og bera på plass varer når frukt og grønt, drikka og tørrvarer kjem til Nordhuglo onsdagskveldane.

Biletet: Håkon Frode Særsten (V), t.v. er medlem i komite for Næring, miljø og kultur, og likte det han fekk servert både av tal og mat i Fjellheim. Her saman med aksjonærane Elde og Notland. (Foto: Steinar Hystad)