Dei to vitja Stord i samband med det internasjonale kommuneprogrammet MIC. Ingen ei dei to representantane frå Comalapa hadde vore i Europa før, så det var mange nye inntrykk.

Comalapa ligg i høglandet i Guatemala, 2.200 moh, og 96 prosent av innbyggarane er mayakakchikelindianarar.

Dei første dagane dei var på Stord hadde dei følgje med Juan León, som er den Guatemalanske ambassadøren i Noreg.  

Erfaringsutveksling

Portrett av Maria SotzOrdførar Valeriano Pichiyá og María Sotz, leiar av kvinnekontoret i kommunen var svært interesserte og ivrige etter å læra korleis Stord kommune vert administrert.

Det vart tid til fleire møte med ordførar Liv Kari Eskeland som fortalde om politisk og administrativ leiing i Stord, og om kommunen sine oppgåver som er mange fleire enn i Comalapa.

Der er til dømes helse og skule statlege oppgåver. Likevel løner kommunen 43 lærarar og gir tilskot til helsesenteret sidan dei statlege midlane ikkje strekk til.

Imponert over komunestyret

Ordførar Valeriano var imponert over at Stord kommune med mindre enn halvparten så mange innbyggjarar som Comalapa har 35 kommunestyrerepresentantar, og så mange kvinner.

– I Comalapa er me åtte representantar i kommunestyret, og blant dei ei kvinne. Me har eit folketal på 45 000, kunne ordførar Valeriano fortelja då han vitja kommunestyret i Stord.

Heile administrasjonen vert skifta ut

Den nyvalde ordføraren i Comalapa fortalde at han også er rådmann i tillegg til å vera ordførar. Etter eit kommuneval i Guatemala vert heile kommuneadministrasjonen skifta ut.

Ordførar Valeriano ser at mykje erfaring og kontinuitet går tapt på denne måten, men det er vanskeleg for ein nyvald ordførar å stola på at dei som har arbeidd for ein politisk motstandar vil vera lojal mot han.

Dessutan er det en del av det politiske spelet at ein ordførar i valkampen lover arbeid til folk som stemmer på han. Det er nemleg stor arbeidsløyse i Guatemala.

– Men eg tilset berre folk som er kvalifiserte for den jobben dei skal gjera, ikkje berre av di dei har stemt på meg i valet, forsikrar ordføraren.

Vil tilsetja rådmann

Etter modell frå Stord, sa ordførar Valeriano, at han no ynskjer å tilsetja ein administrasjonssjef/rådmann. 

– Det er umogeleg å få tid til å administrera samstundes som eg må vera tilstades på viktige møte i hovudstaden, og snakka med dei mange innbyggjarane som vil ha møte med ordføraren.

Vil engasjera fleire kvinner

Halvparten av innbyggjarane i Comalapa bur i landområde utanfor sentrum, i såkalte aldeas (grender). Der har han frivillige hjelpeordførarar (Alcaldes auxiliares), som er ein gamal tradisjon. Til no har det vore berre menn som har hatt desse verva.

No vil Valeriano også oppretta denne ordninga i bysentrum . Han vil utnevna 14 nye hjelpeordførarar og satsar på at det då vert 50/50 prosent kvinner og menn.

I tillegg til dei økonomiske midlar Comalapa kommune rår over, kjem det og statlege utviklingsmidlar. Det er dei lokale utviklingskomiteane, Cocodes, som er med og avgjer kva desse midlane skal gå til. Her er og kvinner med, men det er viktig å få med fleire, for kvinner har gjerne andre prioriteringar enn menn, trur han.

Må jobba med likestilling

María Sotz, leiar av kvinnekontoret i Comalapa har også planar for aktivitetar, slik som kurs og samlingar for å videreutvikla kvinner til leiarar og gjera dei merksame på rettane sine, både som kvinner og borgarar. María som har ein mann som alltid har støtta henne, samt tre store born, seier at det berre er ved at kvinnene engasjerer seg at både kvinnene sjølv og heile familien kan få eit betre liv.

– Me må også motivera unge gutar og ektemenn til å ha respekt for kvinner, seier María.

Ho legg til at vald mot kvinner er eit stort problem, og at mykje gjenstår før dei kan få til ei likestilling i det guatemalanske samfunnet.

Seks MIC-partnarskap Norge-Guatemala

Før representantane frå Comalapa kom til Stord var dei saman med representantar frå dei andre guatemalanske og norske MIC-kommunane i eit tre dagars kurs i regi av KS i Oslo. Der fekk dei informasjon om MIC-programmet, og samarbeidde i grupper om innhald, planer og aktivitetar framover. Dei fekk også kunnskap om krav til rekneskap og revisjon.

Stord og Comalapa er no inne i det 5. året av MIC-prosjektet, som tok til i 2008. KS har ei rammeavtale med Norad som førebels varar ut 2013.

Dei andre kommunane som er med i det internasjonale kommuneprosjektet MIC i tillegg til Stord-Comalapa er: Tromsø-Quetzaltenango, Stjørdal-Panajachel, Ål-Sololá, Tinn-Champerico og Odda-Santiago Atitlán.

Auka kvinnedeltaking og betre bosshandsaming

Alle desse kommunane samarbeider om same tema:

  • Å auka kvinneandelen der avgjerder vert tekne, slik som i dei lokale utviklingskomiteane (Cocodes). 
  • Å betra handsaminga av boss som ureinar vasskjelder og jord. Det vert gitt informasjon og opplæring i kildesortering, kompostering og resirkulering av plast, skrapjern, glas og papir. Den store utfordringa er å få kjøpt eit område for å deponera avfall slik at dei ulovlege bossplassane som ureinar vatn og jord kan stengast.

Medan representantane frå Comalapa var på Stord var dei og på synfaring på SIM sin Miljøsentral på Heiane, som gav dei mange nye ideear. Dei fekk også informasjon om Ungt Entreprenørskap og om korleis unge kan skapa sine eigne arbeidsplassar.

Ordførar Valeriano og Doña María var og med på 17. mai feiringa på Stord der dei mellom anna gjekk i borgartoget under fana til Venskap Stord-Comalapa.

Guatemala-ambassadør på Stord

Stordordførar saman med  GuatemalaambassadørJuan León, Guatemala sin ambassadør i Noreg dei siste fire åra gjesta Stord 21-22. mai saman med kona Eluvia Hernández. Representantar frå Stord har hatt god kontakt med ambassadøren som no har vore i Noreg i fire år.

I tillegg til god kontakt med kommunar og venskapsgrupper i Noreg har han og hatt kontakt med dei norske urfolka, samane. Juan León og Noreg sin ambassadør i Guatemala, Lars Vaagen, har også samarbeidd om urfolkprogram, og dei har vore til stor hjelp for alle som har eit samabeid i dei to landa.

No skal snart Juan León bli Guatemala sin ambassadør på Cuba, og Lars Vaagen skal til Caracas og vera Norges ambassadør i Venezuela og Columbia.

Bildene:

Øvst: Stordordførar Liv Kari Eskeland og ordførar i Comalapa Valeriano Pichiyá
Midten: Maria Sotz frå kvinnekontoret i Comalapa
Nedst: Ambassadør Juan León og kona Eluvia Hernández saman  med Stordordførar Liv Kari Eskeland.