Tid: Tysdag 22. mai klokka 20.00–21.30
Stad: Sagvåg skule

Frå 19. mai til 19. juni syklar Ada Sofie Austegard saman med mange andre Noreg på langs frå Lindesnes til Nordkapp.

– Me skal setja fokus på arbeidet som Stine Sofies Stiftelse gjer, og samla inn pengar til Stine Sofie Senteret. Dette skal bli eit senter for valdsutsette barn i Noreg og skal etter planen opna i 2015, seier Austegard.

Til Sagvåg 22. mai

Tysdag 22. mai kjem følgjet til Sagvåg skule der Austegard og fleire andre vil halda føredrag om arbeidet dei gjer for barn, og om korleis du kan finna motivasjon når kvardagen er tung å meistra. Organisasjonen Lions og Alarmtelefonen for barn og unge er også med på turen.

Lærer av Pippi

"Det har eg aldri prøvd før, så det vil eg heilt sikkert klara", er eit sitat henta frå Pippi Langstrømpe. Det er også eit viktig livsmotto for Austegard. I 2010 gjekk ho over Grønland på ski, og i år står heile Noreg på sykkel for tur.

Monica Brunner i Alarmtelefonen for barn og unge fortel at dei ynskjer å nå heile Noreg med telefonnummeret til Alarmtelefonen 116 111. Dit kan alle barn og unge ringa inn dersom dei opplever vald, overgrep og omsorgssvikt. Vaksne som er uroa kan også ringa.

Lions ynskjer å visa fram programmet ”Vald og seksuelle overgrep”, som skal gi lærarar og andre omsorgspersonar eit verktøy for å handtera vanskelege tema.

3150 kilometer

Turen omfattar 3150 kilometer på sykkelsetet langs kysten av Noreg frå Lindesnes til Nordkapp. Dette inkluderer 26 ferjeturar og besøk i 10 fylker.

Aksjonen Norge-på-langs vil halda føredrag så ofte dei kan på vegen opp Noreg. Så dersom nokon ynskjer besøk, kan dei melda si interesse på www.norgepalangs.com.

Du kan bli med

Om du ynskjer å vera med på turen, treng du ikkje å sykla heile vegen frå Lindesnes til Nordkapp. Du kan henga deg på, og sykla så mange etappar du vil. Alle er velkomen til å vera med å sykla, og til å koma og høyra på føredraga. Gratis inngang.

Program for besøket på Sagvåg skule 22. mai 2012