Logoped for barn og unge
Generelt
Logopeden arbeider både direkte med barn og unge, og indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestastjon og PPT.
Målgruppe
1. Førskulebarn og elevar i grunnskulen med:
- Språkvanskar (vanskar med omgrep ,setningsoppbygging eller grammatikk)
- Uttalevanskar og fonologiske vanskar
- Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
- Stemmevanskar
2. Foreldre, barnehagar og skular (rådgjeving og førebyggande arbeid)
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
- Ved generelle spørsmål til logopediske område, kan ein gjerne ta kontakt med logopeden for å rådføra seg.
- Dersom ein er uroleg for eit barn med spesifikke utfordringar knytt til språklydar, taleflyt eller stemme, kan ein avtale eit nettverksmøte der logopeden vert invitert inn saman med barnehage/skule og føresette. I enkelte tilfelle vil det få vera aktuelt at logopeden arbeider direkte med barnet etter eit slikt møte, og gir rettleiing til føresette og barnehage/skule i ein periode.
- Dersom barnet har meir omfattande og vedvarande vanskar med spåket bør ein kontakta PP-tenesta og invitera til eit nettverksmøte saman med føresette og andre aktuelle samarbeidspartar. Dersom det etterkvart syner seg at barnet oppfyller retten til §5-1 i opplæringslova eller §19a i barnehagelova, kan det ha rett på oppfølging av logoped over ein lengre periode og føresette/ skule/ barnehage kan ha rett på rettleiing.
Logopedtenesta skal vera eit lågterskeltilbod. Ein kan ta direkte kontakt over telefon for å rådføra seg. Ein kan også tilvisa ved å nytta tilvisingsskjema.
Tilvisingsskjema finn du til høgre under Skjema.
Ein kan også få tilvisingsskjema ved å venda seg til:
- Helsesjukepleiar
- Barnehagar og skular
Kontakt
Tenesta oppdatert: 08.08.2022 08:18
Eining
Tenesteomtalar
- Brukarmedverknad i skulen
- Den kulturelle skulesekken
- Grunnskuleopplæring - retten til gratis opplæring
- Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre
- Kristendom, religion, livssyn og etikk - melding om delvis fritak
- Leksehjelp i grunnskulen
- Opplæring for elevar med hørselshemming
- Opplæring for elevar som brukar alternativ kommunikasjon (ASK)
- Opplæring i heimen ved langvarig sjukdom
- Opplæring i samisk
- Ordensreglement i grunnskulen
- Permisjon frå grunnskuleopplæring
- Rådgjeving i skulen
- Skulestart
- Skuletilhøyring - nærskule og skulebyte
- Spesialpedagogisk hjelp
- Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet
- Syns- og audiopedagogisk teneste