Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kanoar og kajakkar - utlån

Tenesteomtale

Nysæter ungdomsskule

Nysæter ungdomsskule har sju kanoar til utleige. Kanoane står på ein hengar som kan påkoplast personbilar. Kanoane kan lånast ut gratis til skular og lag og organisasjonar. Redningsvestar og padleårar følgjer med.

Ta kontakt med rektor Trude Aamot på trude.aamot@stord.kommune.no tlf. +47 960 47 975, eller ass. rektor kari.hindenes.agasøster@stord.kommune.no tlf. 48108648

Storavatnet

Bydelsbloggen har sju kanoar og fleire robåtar til låns til bruk i Storavatnet. Dei står på grøntanlegget på Litlabø. Ta kontakt med bygdelsbloggen (Facebook)

Litlabø skule

kajakkpakkeLitlabø skule har 10 kajakkar til utleige Desse står på ein hengar som kan påkoplast personbilar. Kajakkane kan lånast ut gratis til skular, lag og organisasjonar. Redningsvestar og padleårar følgjer med.

Kajakkane kan tingast i skuleåret ved å kontakta Litlabø skule på telefon: 53 40 96 70. 

 

Ådlandsvatnet

Barnas Turlag tilbyr utlån av kanoar på Ådlandsvatnet. Dette er eit gratistilbod, ope for alle. Du finn informasjon om utlån på Stord-Fitjar turlag si heimeside

Tenesta oppdatert: 27.10.2023 12:18