Korleis verkar varslinga?

Meldinga sendes som sms til mobiltelefonar og ein automatisert talemelding til fasttelefon. Talemeldinga blir lest inn som "tekst til tale". Ved talemelding til fasttelefon får du beskjed om å taste 1 for høyra meldinga som er lest inn. På slutten av meldinga blir du bedt om å taste: 1 - for og bekrefta at du har oppfatta meldinga 0 - dersom du ynskjer og høyra meldinga ein gong til. Dersom du ikkje tastar 1, vil systemet ringja deg opp på nytt (inntil 3 gongar).

Er mobilnummer mitt registrert?

Du kan kontrollere kva adresse ditt telefonnummer er registrert på i varslemeg.no

Slik gjer du:

  • Under "Er eg oppført?" klikkar du "Endre din oppføring hos 1881".Velg "privat" (evt. "bedrift"). Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send". Du mottar ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn. Då kan du sjå kva adresse mobilnummeret ditt er registrert på. Dersom den registrerte adressa ikkje er bustadsadressa di, men for eksempel arbeidsstaden din, må du sjølv endra adressa for å bli varsla med sms.

Er nummeret til fasttelefonen min registrert?

Nummer til fasttelefon er registrert på den adressa telefonen tilhøyrer.

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varsler ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ynskjer å få varsel frå din kommune, gjer ein tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn min bustad adresse?

varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad, foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du: under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer". Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send". Du mottar ein kode på sms, som du brukar for logga deg inn. Her kan du leggje til andre adresser du vil varslast for. Navn = den som bur på adressa du registrerer.

Mitt telefonnummer er ikkje registrert hos 1881. Kan eg få varsel?

Det kan vera fleire årsakar til at ditt telefonnummer ikkje er oppført i Opplysninga 1881. Du kan sjølv registrera ditt telefonnummer. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer". Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send". Du mottar ein kode på sms, som du bruker for å logga deg inn. Her kan du leggja til andre adresser du vil varslast for. Navn = den som bur på adressa du registrerer.

Har eg lov til og endra adressa som er registrert på dette abonnementet?

Du kan trygt leggja inn bustadadressa di. Registreringa gjeld ikkje kven som er juridisk eigar av abonnementet eller fakturaadressa.

Eg har ikkje mobiltelefon. Kan eg bli varsla?

Du kan bli varsla på fasttelefon. Varsel kjem som automatisert talemelding "Tekst til tale".

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle bustader i eit burettslag eller sameige blir varsla.

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som brukar Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høyra om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresser eg får varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer". Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send". Du mottar ein kode på sms, som du brukar for å logga deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer. Her kan du også sletta adresser eller legge til fleire.