Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Generelt

Har du eit barn med behov for spesialundervisning? Då tek du først kontakt med skulen eleven går på, eller skal gå på.

Slik søkjer du:

  1. Ta kontakt med aktuell skule.
  2. Skulen gjer undersøkjingar og prøver ut tiltak.
  3. Skulen tilviser til PPT.
    PPT lagar sakkunnig vurdering av eleven sitt behov for spesialundervisning, og gir deretter råd om hva slags opplæringstilbod som bør gjevas. 
  4. Elev/føresett må samtykka i at skulen tilviser til PPT.
  5. Rektor fattar vedtak om spesialundervisning.
    Dersom sakkunnig vurdering konkluderer med at eleven ikkje har tilfredsstillande utbyte av ordinær opplæring, skal rektor ved den enkelte skule fatta vedtak om spesialundervisning. 
  6. Elev/føresett må samtykka.
    Elev/foreldre skal samtykka før enkeltvedtak om spesialundervisning vert fatta
  7. Skulen lagar individuell opplæringsplan (IOP).
    Elev/føresette skal involverast i utarbeidinga av denne – men har ikkje klagerett..

Klage

Ønskjer du å klaga på vedtak om spesialundervisning må du senda ein klage til skulen som har fatta vedtaket.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Søknadsskjema om spesialundervisning finn du til høgre (under for mobil).

Kontakt

Ta kontakt med skulen din eller søk om spesialundervisning her

Tenesta oppdatert: 18.09.2024 08:38